Det tidlegare hotellet vart påtent etter at det vart klart at det skulle bli asylmottak for einslege mindreårige asylsøkarar. Natt til 6. desember 2015 vart store deler av bygningsmassen til Lune Huler totalskadd i brann, og det var også forsøkt å tenna på den delen som ikkje gjekk opp i flammar.

I den delen som ikkje brann ned låg det to personar og sov, og det gjer at påtalemakta viste til mordbrannparagrafen då saka kom opp i retten.

Tilsto under ankesaka

To menn frå Polen er dømt til fengsel i høvesvis seks og et halvt og sju år. Det er den yngste av dei, 36-åringen, som no har tilstått. I forklaringa si heldt han den eldre broren heilt utanfor saka, skriv Bergensavisen.

Politiet og påtalemakta meiner at det var den eldre broren som hadde «bestilt» brannen, og at dette så vart gjennomført av den yngre broren og ein tredje mann frå Polen. Tredjemann var på ein lynvisitt i Norge akkurat den helga det brann på Vågseidet. Han har ikkje vore i retten no eller tidlegare, Polen utleverer ikkje eigne borgarar til rettsforfølging i andre land.

Lagmannsretten

Ankesaka for dei to brørne startar i Gulating lagmannsrett måndag 5.februar. Eigentleg er det sett av tre veker til ankesaka, men sidan det no ligg føre ei tilståing for ein av partane er det sannsynleg at saka vert unnagjort på kortare tid.

Bergensavisen skriv at 36-åringen har forklart brannstiftinga med at han var uroleg for tryggleiken til kona til den eldre broren, i samband med etableringa av asylmottaket. Under førre rettshandsaming vart dei to brørne dømt til å betala 9,6 millionar i erstatning til forsikringsselskapet etter brannen.

Lagt ned

Det vart jobba hektisk for å kunna opna asylmottak på Vågseidet etter brannen, og utover våren 2016 kom det på plass bygningsmasse for å erstatta det som brann ned.

Men våren 2017 kom det så melding frå UDI om at mottaket skulle leggast ned, og den siste bebuaren flytta i løpet av sommaren. Bakgrunnen for nedlegginga var at tilstrøyminga av asylsøkarar gjekk bratt ned frå 2015 til 2016.