I fjor vår fekk faren til Gøril påvist kreft. Ho og sambuaren hadde lenge gått og tenkt på at det snart var på tide å gifta seg, og hadde i grunnen komme fram til ein sommardag i 2016.

Men då faren vart sjuk, bestemde dei seg for flytta det fram fordi Gøril alltid hadde tenkt at faren skulle følgja henne den dagen ho skulle gifta seg.

Det er når livet vert snudd på hovudet, ein ser kor kostbar tid er.

– På få veker fekk me alt på plass, og gleda over at pappa fekk følgja meg inn til min kjæraste var ubeskriveleg, seier Gøril.

STARTA INNSAMLING: - Eg ville så gjerne minnast pappa og hjelpa andre som er ramma av kreft, seier Gøril om kvifor ho gjer det ho no gjer. Foto: SBKPhotography.com.

Fekk eit anna perspektiv

Det er noko med tid når ein opplever ein slik sjukdom på nært hald. Ein begynner å setja ting i eit anna perspektiv; kva er viktig for ein? Kva vil ein prioritera? For oss var det gode stunder saman, forklarer ho.

Utdrikkingslag var verken viktig eller prioritert då det heile stod på. Men så kom tanken på at ein kunne ta ein annan vri på det.

Utdrikkingslag med meining

– Eg og mannen min har jo stort sett gjort ting i litt omvendt rekkefølgje, så om utdrikkingslaget kom etter giftarmålet gjorde faktisk ingenting, seier ho.

I byrjinga av oktober gjekk faren bort, berre 65 år gammal. Og det faktum at søskenbarnet og forlovaren til Gøril, Ingvild Høydal, også har ei mor som kjemper sin kamp mot kreften, gjorde at utdrikkingslaget Gøril hadde i tankane ville gi meining på så mange plan.

Spring sommarnattløpet

Utdrikkingslaget blir 17. juni i Oslo. Då skal Gøril og ein gjeng veninner springa 5 km under Sommernattløpet i Oslo. Dei har laga ei innsamling på Kreftforeningen sine sider, der folk kan hjelpa dei å nå målet med 50.000 kroner. - Kreftforeningen sitt arbeid er så viktig både for dei som vert ramma av kreft og dei pårørande rundt dei, seier Gøril og legg til at om det vert meir pengar er det jo det berre strålande!

Har alt fått inn 36.000

Ho fortel at faren var ein audmjuk mann, og at han neppe ville vore heilt i ekstase over å vera i media. Men han var oppteken av å støtta gode saker. Difor håpa Gøril at andre ville vera med å minnast han og hjelpa andre ved å bidra og dela linken vidare på sine sosiale media.

Og det har dei tydelegvis gjort, for i skrivande stund, mindre enn to veker etter at dei starta innsamlinga, er det alt komme inn over 36.000 kroner.

– Det er berre heilt fantastisk, synest Gøril.

Dei har også laga seg ei Facebook-side der dei oppdaterer korleis det går, og skulle det vera firma som vil sponsa dei, vil det bli lagt ut der, fortel ho.