UP hadde laurdag formiddag fartskontroll langs E 39 i Romarheimsdalen. Her er det 80-sone, men mange lar det gå mykje fortare enn dette.
125 km/t
To førarar mista «lappen» etter å ha kjørt for fort. Den eine i 125 kilometer i timen, den andre i 104 kilometer i timen. Sistnemnde mista førarkortet på grunn av for mange prikkar.
Vest politidistrikt hadde ikkje oversikt over kor mange forelegg som vart skriven ut.
Promillekontroll
Natt til søndag gjennomførte politiet to promillekontrollar i Nordhordland.
Først i Knarvik i 4-tida på natta, deretter ved Nordhordlandsbrua i 7-tida om morgonen. Totalt 45 bilførarar vart stoppa, men ingen blåste raudt, og kunne dermed fortsetta kjøreturen sin.
I kontrollen på Nordhordlandsbrua vart likevel ein bilførar avskilta, melder Vest politidistrikt.