Ho er storesøster til Ruben Juvik som mista livet medan han var på Filippinane i november i fjor.

Har venta i fleire månader

Kort tid etter den fatale ulykka fortalde Veronica Celin Juvik at det var ekstra vanskeleg når ein er så langt borte og det er mykje å ta omsyn til.

– Ruben fekk ei dotter i slutten av januar. Ho og mora hennar er jo der borte. Så har ein alle dei praktiske tinga som må ordnast med tanke på å få han heim. Og den økonomiske biten. Alt dette må gjerast medan vi står midt i sorga, sa Juvik i november.

Lille Nathalia og mora hennar er framleis på Filippinane. Ruben sin familie jobbar for at dei to kan kome til Noreg og bu her. Foto: Privat

Det er no om lag 11 veker sidan 35-åringen frå Hjelmås omkom i ei motorsykkelulykke i Banilad. Familien har jobba hardt for å få Ruben heim til Noreg, men førebels er det ikkje skjedd så mykje nytt i saka.

– Han blei kremert, men han er dessverre ikkje kome heim. Vi jobbar framleis med å få det til, men vi veit ikkje noko meir om når det kan skje. Det er ekstra vanskeleg når alt er stengd ned grunna koronasituasjonen. Det er lite aktivitet på ambassaden og det er utfordringar knytt til restriksjonar og karantenereglar, seier Juvik.

Vil få dottera til Noreg

Ruben Juvik drog til Filippinane vore å vere til stades då dottera Nathalia blei fødd for eitt år sidan.

Då heile verda blei råka av covid-19-viruset, vågde han ikkje å dra heim til Noreg i frykt for at han ikkje fekk sett dottera på lang tid.

– No jobbar vi mellom anna med å få norsk pass til Nathalia og visum til mora hennar, slik at dei kan kome til Noreg. Sidan Nathalia har norsk far, så kjem ho til å få norsk pass, men det er ein del ting som må på plass først. Håpet er at dei kan ta med seg urna med Ruben i som handbagasje på flyet når dei kjem, seier Veronica Celin.

Verdig gravferd

Ho fortel at det er tungt å vente på at ting skal skje.

– Vi får ikkje ei avslutning på ting. Samstundes vil det vere fint om restriksjonane er sleppt litt opp når han kjem heim. Når ein først har venta så lenge, så håpar eg at han kan få ei verdig gravferd og at ein ikkje må velje kven som får kome grunna avgrensing på antal menneske som kan delta i gravferda, seier storesøstera.

Kort tid etter beskjeden om Ruben sin bortgang, blei det oppretta ein innsamlingsaksjon på Spleis på vegner av familien.

– Då gebyret var trekt frå, var det samla inn 176 000 kroner. Etter at vi har betalt balsamering og kremering, er det kring 100 000 att. Vi håpar det er nok til å dekke heimreisa, seier Veronica Celin.