FLINKE MUSIKANTAR PÅ LINDÅS: Også på Lindås sytte korpset for flotte juletonar.
NISSENS HJELPAR: Det var godt med hjelp når godteriet skule delast ut i Knarvik.
NISSEN PÅ BESØK I KNARVIK: Julegateopninga i Knarvik Senter var prega av den mest populære i juletida, nemleg nissen.
SIDAN DEI VAR 14 ÅR: Desse har delt ut gløgg og peparkaker sidan dei var 14 år gamle.

For mange er det ikkje jul utan at nissen har delt ut godteri til dei minste, eller som på Frekhaug, før Målfrid Grønhaug, utkledd som nisse, har delt ut gløgg.

Dei har delt ut gløgg og peparkaker sidan dei var 14 år, vert det fort informert om av dei oppmøtte.

Vidare venta mellom anna fint korpsspel frå Sagstad skulemusikk og song av Soul Children, alt ein treng i ei julegate

.

SPELTE JULA INN PÅ FREKHAUG: Sagstad skulemusikk spelte flott og opna julegateopninga.

Både for liten og stor

I Knarvik var dagen prega både av den amerikanske tradisjonen Black Friday, i tillegg til nissar og jul.

Her kunne ein gjere seg ferdig med julegåver frå klokka sju om morgonen, eller berre få julekos med song og nissar.

Det var stemningsmusikk av Oster Brass, eit svært populært nisseshow med song og leik, før andre nissar kom med godteri, noko som om mogeleg var endå meir populært.

— Det kjekkaste er godteposen, fortel Malin Henriksen (6) og Elise Fosse (7) nøgd i etterkant.

Tradisjonsrikt

Også Lindås senter var prega av det kjente og kjære. Her var fine oppsetjingar på scena, med mellom anna Lindås barnelag og Lindås skulekorps.

På torget kunne som vanleg elevbedrifter lokke med noko for ein kvar smak.

FLINK GJENG: WAMM med William Salazar, Andreas Fehn, Magnus Thorson og Marius Kleivdal Hella selte blomsterpottehaldarar som elevbedrift og koste seg stort på julegateopning på Lindås.

WAMM med William Salazar, Andreas Fehn, Magnus Thorson og Marius Kleivdal Hella selde blomsterpottehaldarar, og er godt nøgde med produktet, trass i at det ikkje heilt var målgruppa deira som var på julegata.

— Det er nok heller dei eldre som er vår kundegruppe, fortel dei.

Gutane synest likevel det er kjekt å vere med på julegata, der dei sjølv har sett andre syna fram elevbedrifter opp gjennom åra.