– Han las boka høgt for meg, men eg hadde litt problem med å forstå kva han sa, seier Svein Ivar Vinnes og ler. Han er kaptein på bokbåten Epos, som er på turne i Nordhordland denne veka.

På stoppet i Andvikgrend, var som vanleg hunden Sancho og eigaren klare til å ta imot.

– Me kjenner han godt no, for han er hunden til ho som er bokbåtkontakt der inne, fortel Vinnes.

På bokbåten har dei bøker for ein kvar smak. Både til vaksne og born, og med Sancho på besøk måtte dei sjølvsagt henta fram ei bok om hundar.

Til Radøy i morgon

Bokbåten var i Andvikgrend i går kveld. I dag har dei vore på Dalsgrend i Gulen og på Feste i Lindås, og i morgon er det Sletta og Bøvågen som står for tur.

– Det er to frå mannskapet, to bibliotekarar og ein kulturformidlar som reiser rundt saman no, fortel Sigrid Furnes, som knipsa bildet av Sancho og kapteinen.

Godt besøk

Furnes kan fortelja at besøket på båten har vore bra. Særleg på skulestoppa.

– Det er like kjekt kvar gong me kjem til ei ny bygd og ser kor mange som står på kaien, seier ho.

Om Sancho fekk med seg noko av kulturprogrammet når han var på besøk på båten, veit me ikkje. Men han hadde garantert likt det. For denne veka kan publikum på bokbåten få med seg ei teikneserieforteljing av Bjørn Ousland som heiter «Bisk», og handlar om hunden Bisk og vennene hans.

Oversikt over stoppestadane og kulturprogrammet til bokbåten finn du her.