Nyleg skreiv Strilen om seksten år gamle Linnea frå Radøy, som var så lei stresset som dei sosiale media - og spesielt Snapchat - førte med seg. Ho bestemte seg difor å ta pause frå det heile og tok heller i bruk ein gammal Nokia-telefon.

Streak med 40

Men det er ho truleg ganske åleine om. For den gjengse tenåringen i Nordhordland brukar sosiale media og Snapchat kvar einaste dag. Før, på og etter skulen, på trening og i korpset, i familiebesøket og med venner.

For mange handlar det om å halda på «streaken», eit tal på Snapchat som indikerer kor mange dagar ein har snappa fram og tilbake. Strilen møtte fleire aktive mobilbrukarar under Knarvik vidaregåande sin aktivitetsdag i Nordhordlandshallen, like før juleferien.

– Eg har streak med altfor mange, det er rundt 40 stykke - Oskar Brattetaule, VGS-elev

SNAP: Slik ser «bestevenn»-lista til Oskar Brattetaule ut. Talet ved sida av flammen indikerer kor mange dagar han har snappa att og fram med personen. I tillegg til desse har han «streak» med nesten 30 til. Foto: skjermskot/snapchat

– Det blir fort litt stress med Snapchat. Eg merka då streaken vart innført (i 2015) at folk vart veldig opptekne av det. No gir eg eigentleg ganske blaffen, seier Oskar Brattetaule frå Hordabø, som truleg bryr seg litt likevel:

– Eg har streak med altfor mange, det er rundt 40 stykke. Men eg har fått talet litt ned no, men då det kom, var eg skikkeleg avhengig og måtte halda streaken. No går eg inn ein gong om dagen og svarer alle - så er eg ferdig.

Mobil og PC i timane

17-åringen går på helse og oppvekst ved Knarvik vidaregåande og fortel at det ikkje er uvanleg å bruka telefonen i skuletimane.

– Det er nokon som brukar telefon i klassen, men me har ganske mykje respekt for dei fleste lærarane. Kontaktlæraren vår, for eksempel, er veldig obs på at dataen skal vera igjen og at me ikkje tek opp telefonen i timane.

Sjølv om det ikkje er lov å bruka mobil i klassen, så er det mange som unngår reglane fortel klassekamerat Brage Bjørnbekk.

PÅ MOBILEN: Helene Kjærland og Oskar Brattetaule under aktivitetsdagen til Knarvik vidaregåande. Foto: Erlend Kristiansen

– Ein sit ved dataen, så skjuler ein mobilen bak dataen.

– Gir lærarane aldri beskjed?

– Jo, men me har ikkje fått anmerkning for det enno, seier han og ler.

– Men ein må jobba litt, for læraren går rundt og sjekkar at ein har skrive noko, understrekar han.

STREAK: Brage Bjørnbekk har streak med mange. – Eg har ikkje like høg «snapscore» som Karen, men det har tatt seg opp! Foto: skjermskot/Snapchat

Digital kvardag

For det er ikkje berre mobilen som tar merksemd. Med skule-PC og digitale læringsverktøy skjer det meste digitalt i klasserommet, noko som betyr at det er lett å mista fokus.

– Me har jo ikkje skulebøker lenger, det er nesten berre bøker på nett. Det er heilt på trynet, eg hatar det, seier Bjørnbekk.

– Men me slepp i alle fall å bera så mange bøker, skyt klassevenninne Karen Landøy inn.

Begge er samde i at dei digitale freistingane kan gå utover konsentrasjonen.

– Det går sikkert utover for nokon, men det handlar eigentleg berre om å skjerpa seg, seier Landøy.

På Austrheim vidaregåande har dei sine triks for å kutta mobilbruken i timane.

– Eg gjekk der i fjor, og då hadde me ein mobilkasse som me måtte legga telefonen før kvar time, seier Bjørnbekk, som også praktiserer mobilfri middag i heimen.

SELFIE 1: Å kunne ta ein sjølviss - eller selfie - er «basic» om du er aktiv på Snapchat. Foto: Karen Landøy
SELFIE 2: «But first let me take a selfie». Foto: Erlend Kristiansen

«Creds»

Det er i alle fall liten tvil om at Snapchat er det hippaste sosiale mediet for tida.

– Enkelte er heilt hysteriske om streaken, seier Bjørnbekk.

– Det kan vera sånn «du øydela streaken vår, no vil ikkje eg vera venn med deg» liksom, seier Landøy.

– Eg er ikkje opptatt av streaks i det heile tatt, seier Victoria Male.

Så kvifor er det så viktig å vera pålogga heile tida og samla på desse «streaksa»? Brage Bjørnbekk har sin teori:

– Det er litt ære og «creds» å ha mange og høge streaks.