Uheldig start på måndagen for eit par bilistar.

På taket i Lindås

Ein bil hamna på taket på Sævråsvegen i Lindås, melder 110-sentralen like over klokka 9.30 måndags morgon.

– Det er ein bil som har hamna på taket og ned i ei elv eller ein bekk i, i nærleiken av ein barnehage. Bilen er no kommen på hjula igjen, medan føraren er kjørt til lokal legevakt med ambulanse, seier vaktkommandør i brannvesenet, Sigbjørn Villanger.

Ulykkessjåføren skal ikkje ha vore fastklemt etter uhellet. Det var forbipasserande som ringte inn om ulykka.

Bergingsbil blei rekvirert for å fjerna bilen.

På taket i Gulen

Lensmann Kjell-Idar Vangberg fortel at det også har vore eit trafikkuhell i Gulen.

– Me har ikkje heilt sikkert tidspunkt for når det skjedde, men det var meldt klokka 9 måndag at ein bil låg på taket ved Eidsbotn. Det er snakk om to menn, der ein antakeleg har kjørt utfor kanten og hamna på taket.

Ein lege skal ha sett til dei involverte. Det er meldt å vera veldig glatt i området.

I tillegg til desse ulykkene var det eit mindre trafikkuhell på E39 ved Matre søndags kveld. Også her blei det meldt å vera veldig glatt.