Smell på fylkesveg 565 i ettermiddagsrushet. Etter vel éin time, klokka 16.38 opna vegen igjen.

Til sjukehus

Ein bil kjørte i fjellveggen ved Olsvollstranda på Radøy, melde 110 Hordaland og politiet rundt klokka 15.35 onsdag.

– Det har vore ein kollisjon og éin person har komme seg ut av bilen på eiga hand. Vedkommande var åleine i bilen og verka oppegåande, seier Arve Samsonsen i politiet til BA.

Litt etter melde politiet at skadeomfanget var ukjent og at føraren hadde blitt frakta til Haukeland sjukehus i ambulanse.

Ifølge BT har føraren, ein ung mann, blitt fråtatt førarkortet då det er mistanke om at han sovna bak rattet.

Bilen var ikkje kjørbar og bilbergar vart rekvirert.

Mange ulykker

Ulykka skjer dagen etter ei anna ulykke ved Olsvollstranda, der ein bil kjørte utfor vegen på det same strekket. Berre føraren var i bilen, og vedkommande skal ha vore litt sjokkprega i etterkant av den ulykka, ifølge politiet.

Før det igjen, måndag og natt til tysdag, var det ulykker på Vetås- og Radøyvegen. Det var også alvorlege ulykker i Gulen, blant anna med ein minibuss som frontkolliderte med ein personbil.

Då hadde vegtrafikksentralen allereie gått ut og varsla om veldig glatte vegar rundt om i fylket.