Harald Matland (66) har vorte hekta på segling, og nyttar alle sjansar til å ta seg ein tur på sjøen.

Det har vorte logga mange nautiske mil under kjølen sidan Matland kjøpte den første seglbåten sin i 1998; ein Polo 86 på åtte og ein halv meter. I ein alder av 45 år, meinte han det var på høg tid å gripe fatt i ein gamal draum om å verte skipper på eigen seglbåt.

– Eg hadde ikkje segla i det heile før det, anna enn på feriar som barn. Men eg hadde alltid drøymt om å segle. Det gav meirsmak. Det er noko med freden og roen ein får når ein kjem seg ut på sjøen, seier Matland, som no har vorte pensjonist.

Etter å ha kjøpt båt, var han med på seglkurs på Askøy der han lærte om regattasegling og reglar. Det vart klart at regatta var ein spanande sport.

– Eg har sikkert litt konkurranseinnstinkt, for eg byrja ganske fort å verte med på dei lokale regattaene i regi av Nordhordland seglforeining. Det vart mykje regattasegling og ei bratt lærekurve for å forstå kva det gjekk ut på og korleis ein kan utfordre seg sjølv. Ein får konkurrere og måle seg mot andre båtar. Det er også sosialt. Ein møter mange kjekke folk ein kan prate med i seglmiljøet.

X-Faktor i fint driv med storsegl og spinnaker under Bømlabrua. Foto: Jostein Vågenes

Etter kvart vart Polo-en bytt ut med ein større Comfortina 32, og no har Matland enda opp med ein 1998-modell X-Yachts 332 som han har døypt «X-Faktor». Den likar han så godt at han aldri kjem til å kjøpe nokon annan båt, seier han.

Båten er innreia med salong, bysse, to lugarar og eit toalett. Båttypen er kjent for å vere ein såkalla «performance cruiser», som har all komforten ein treng til fritidssegling, samstundes som han gjer det skarpt på regattabana.

– X-Yachts lagar båtar som går fort i både mykje og lite vind. Særleg i lite vind går båten fort samanlikna med andre. Då vi gjekk i mål i Seilmakeren-regattaen førre helg, var det heilt flatt på sjøen. Men det var 1 m/s bidevind, og vi segla i tre knop.

Vinden tek tak i båten og legg han over på sida. No fossar det fram. Foto: Kjell Arne Steinsvik

Heimehamna til X-Faktor ligg i den vesle marinaen ved Fiskenett-fabrikken på Manger. Minst to gonger i veka losnar Matland fortøyningane på båten og putrar ut på Mangersfjorden. Vindretning og styrke vert vurdert, og så går segla til topps. Båten skyt fart, og motoren vert skrudd av. Berre lyden av vind og bølgjer mot skroget kan høyrast i det båten glir gjennom vatnet.

– Det er ei fin kjensle å skru av motoren, seier Matland.

Båten er enkelt og praktisk rigga, så han kan segle åleine og handtere segl og tauverk på ein effektiv måte. Med autopiloten på, kjem spinnakeren opp på nokre minutt. God rutine og eit oversiktleg system er viktig når ein skal gjere kjappe manøvrar på regattabana.

Her gjeld det å ha orden i sysakene, så det ikkje vert krøll i tauverket. Foto: Kjell Arne Steinsvik

Siste helga i mai var Harald Matland og makker Torkjell Tolo med på den store regattaen «Seilmakeren Doublehanded» for trettande gong. Det enda med siger i si klasse, og Harald Matland er no rangert som den 11. beste shorthand-seglaren i landet på SEILmagasinet si rankingliste.

I tillegg har han delteke i Shetland Race 15 gonger, med fem-seks klassesigrar. I 2012 vart han og Eivind Tysse den raskaste doublehanded-båten totalt på etappen Bergen - Lerwick.

– Då var det fine forhold. Det er kjekt å segle når det er mykje vind og det går fort, men eg likar best å segle i lite vind, seier han.

Å verte ein god regattaseglar handlar mykje om teknikk, taktikk og røynsle. Sjølv om ein kan lære dei grunnleggande reglane og knepa på ein dag, kan ein bruke resten av livet på å finpusse teknikken. Med varierande straum og vind, er det alltid nye utfordringar.

– Ein vert eigentleg aldri utlært. Ein lærer noko nytt heile tida, og ein vert flinkare til å justere segla og styre båten. Og så lærer ein å sjå kvar ein skal gå når det er lite vind, og finne lure plassar langs land.

Spinnaker, genoa og storsegl, sett frå fordekk på båten. Foto: Kjell Arne Steinsvik

Men det går ikkje berre i regatta. Båten vert flittig brukt om sommaren, mellom anna til helgeturar til Fedje, som ligg berre nokre timar seglas frå Manger. Radøy er ein flott plass å ha seglbåt, meiner Matland.

– For dei som ligg på Litlebergen, er det kort veg til Byfjorden. Men eg forstår ikkje at ikkje fleire her ute har seglbåt. Det er alltid vind her, og det er kort veg ut til Fedje og havet.

Matland er svært aktiv i Nordhordland seglforeining, der han også er leiar. Då vert det mange turar for å segle regatta saman med dei andre medlemmene.

– I foreininga vår er det 44 båtar. Dei fleste ligg i Litlebergen, men det er også med båtar frå Austrheim og Osterøy. Vi har nokre klubbregattaer, der 7–8 båtar brukar å delta.

– Kva anbefalar du å gjere om ein vil starte med segling?

– Ikkje start med altfor stor båt. Kjøp ein handterbar båt, opp til 35 fot. Så kan ein starte med å ta eit seglkurs, slik at ein får teoretisk bakgrunn og veit kva ein skal gjere. Elles kan ein få med seg nokon som kan vise korleis det fungerer. Det handlar mykje kva ein sjølv gjer det til, og kor mykje tid ein vil bruke på det.

Spinnakeren vert pakka ned att. Foto: Kjell Arne Steinsvik

I tillegg til å segle, er Harald Matland også ein ivrig plastryddar. Mykje av fritida brukar han til å gå turar i fjøra for å plukke med seg plastbitar.

– Det starta med strandryddedagen som vert arrangert ein gong i året. For seks år sidan byrja eg å rydde på molovegen. Det har eg gjort kvart år, og så vert det utvida for kvart år. No når eg er pensjonist, har eg betre tid. Eg nærmar meg eitt tonn per år. Saman med kona ryddar eg også på Marøy og på Toska. I går var eg med ein skuleklasse for å vise dei vegen til ei vik som eg har sett det er mykje boss i. Der gjorde dei ein kjempejobb, seier Matland, som synest det er tragisk kor forsøpla havet har vorte.

X-Faktor er ein X-Yachts 332 frå 1998, ein kombinert cruiser og racerbåt. Her på veg nordover i Nyleia. Foto: Jostein Vågenes

– Ein ser korleis kvalen og fuglane får i seg plast. Det kjem inn i heile næringskjeda. Difor synest eg plastrydding er viktig. På Radøy er det ikkje meir enn at vi burde greie å halde strendene heilt reine. Det er ikkje slik som i Øygarden. Her er det overkomeleg. Om alle gjer litt, gjer det ein stor skilnad. Og så må ein vere flinke til å ikkje kaste plast ute i naturen. Vi ser langs vegane at det ligg plast som er kasta frå bilane. Det er ikkje bra, seier han.

PS! Harald Matland har ein eigen blogg om båten X-Faktor.

Harald Matland er utpå sjøen minst to gonger kvar veke. – Eg er i betre form no, enn då eg jobba i banken og sat i ro heile dagen. Foto: Kjell Arne Steinsvik