– Me fekk melding om innbrotet i 3-tida i natt, seier Roar Brudevoll i Gulen, Masfjorden og Solund lensmannsdistrikt.

Han fortel at politiet heldt på med undersøkingar på staden i dag og at dei har to personar i kikkerten.

– Me leitar etter to personar som ikkje er heimehøyrande i bygda. Det er personar i 30–40 årsalderen. Dersom folk har tips i saka eller har observert noko aktivitet i området i natt, så må dei ta kontakt med politiet, seier Brudevoll.

Legekontoret i Eivindvik er vanlegvis stengt på onsdagar, så politiet kan jobba på staden i dag utan at det påverkar drifta av kontoret.