TV-aksjonen på NRK går dette året til Kirkens Bymisjon, som skal bruka midlane i arbeidet for å skapa eit varmare og meir inkluderande samfunn.

Målet er at alle husstandar skal få besøk av ein bøsseberar søndag 21. oktober, og til det treng aksjonen 100.000 frivillige, som kan vera med denne ettermiddagen frå klokka 16.00 til 18.00.

Du finn meir info om TV-aksjonen på nettsida www.blimed.no, der kan du også registrera deg som bøsseberar. Er du under 18 år, må du gå saman med ein vaksen.

TV-aksjonen vart starta i 1974 og har sidan det gitt livsviktig hjelp til millioner av menneske. Det er eit eige innsamlingsråd, sett ned av NRK-styret, som avgjer kva organisasjon som skal få inntektene frå årets aksjon. I 2018 er det altså Kirkens Bymisjon som får midlane, under tittelen «Mindre alene sammen».