Onsdag kveld, litt etter klokka 23, melde Vest politidistrikt om at dei hadde rykt ut til Goman sitt bakeri i Ådnevika på Lindås.

– Arbeidar er brakt til legevakt i Knarvik. Avgrensa skade på ein finger. Så langt ukjent hendingsforløp, melde dei.

Sjølve hendinga blei meldt inn klokka 21.36.

– Uhell

Til BA seier Bjørn Takle Friis i Coop at det var brukarfeil, og ikkje snakk om noko feil på maskiner.

– Det var rett og slett eit hendig uhell. Han gjorde noko han ikkje skulle ha gjort, og så fekk han kutta av litt av fingertuppen. Han er mest sint på seg sjølv, seier Friis om mannen som måtte ein tur innom legevakt.

Skal etterforske

Politiet har oppretta sak på hendinga.

– Vi har starta etterforsking for å sjå om det noko straffbart som har skjedd der. Så langt veit vi ikkje noko om kvifor det har skjedd, seier lensmann Kjell-Idar Vangberg i Nordhordland.

Arbeidstilsynet er også rutinemessig varsla.

Tøft 2018

2018 var eit svært turbulent år for bakeriet, som då var eigd av Coop og lokale eigarar. I september fekk ein tilsett skada armen stygt i ei maskin. Månaden etter stengde Mattilsynet ned bakeriet etter at det vart funnen fuglefjør og fugle-, rotte- og museskit.

Etter å ha vore stengt i fleire månadar starta dei driften opp igjen i vår. Då var bakeriet i Coops hender etter at dei lokale eigarane var kjøpte ut.

Seinast førre veke skreiv Strilen om 60 bakeritilsette som får etterbetalt til saman fem millionar kroner.