Året 2022 har vore prega av både opp og nedturar. Dei harde nyheitene i Strilen er folk veldig glade i, og Trafikk og hendingar-feeden er den suverent mest lesne gjennom året.

Også Kortnytt-feeden, med raske enkle saker, Krim- og Politikk-feeden hadde alle veldig gode lesartal i 2022. Ein god del var også innom arkivet for dødsannonsar og bustadsal-oversikta.

Dette er sakene våre abonnentar klikka seg mest inn på i 2022:

Førarlaus båt funnen – stor redningsaksjon etter sakna person

Mange profesjonelle og frivillige ressursar deltok i søket. Foto: Monica Skjelanger Reknes

Det var stor interesse rundt aksjonen ved Risasjøen, som starta med at naudetatane fekk melding om ein førarløs båt som gjekk i sirkel. Ein stor leiteaksjon vart sett i gang, både profesjonelle, frivillige og søkarhundar.

Etter ti dagar med søk, blei ein person dessverre funnen omkomen.

Full splid i Alverhjelpen

Michelle Meland, Reidun Thunes Eikanger Kvalø og Oddveig Høgstein melde seg som frivillige i Alverhjelpen. Foto: Gunn Berit Wiik

Spliden i Alverhjelpen har engasjert mange, der skuldingane har hagla frå både den eine og andre sidan. Nyleg publiserte Strilen ei siste sak om dette, der Sissel Monsen fortel at ho flytta på grunn av hets.

Blei tatt med rumpa bar

Politiet rykte ut til kaiområdet i Lonevåg på Osterøy etter å ha fått ei noko uvanleg melding. Foto: Eirik Langeland Fjeld

Strilar på tur er også godt stoff. I alle fall om dei ikkje klarar halde buksene på. Politiet på Osterøy fekk forklart det eldre paret at dei ikkje burde vere kliss nakne.

– Dei hadde visstnok ingen planar om å bade. Det skal ha vore snakk om at dei hadde utfordra kvarandre, sa Aleksander Solberg i Osterøy-politiet.

Væpna politiaksjon i Alver

Politiet rykte ut med store styrkar. Foto: Monica Skjelanger Reknes

Å rykke ut til skotskade er heldigvis langt frå kvardagskost for politiet i regionen vår, men i mai skjedde det. Ein mann blei sendt med luftambulanse til Haukeland sjukehus med skotskade.

«Min Butikk» har stengt dørene

Marianne Taule opna butikken i senteret i 2020. Foto: Anne-Lise Nordpoll

– Me håpa i det lengste, men no måtte me berre innsjå at det ikkje gjekk lenger, sa Marianne Taule etter at butikken i Amfi Knarvik måtte leggje ned.

Berre god stemning under første «Lindåsfest»

Det var berre glade fjes å sjå på Lindåsfest. Foto: Jorunn Undheim Nilsen

Det var godt humør og ein utseld eindagsfestival. Det kunne berre gå bra då den første «Lindåsfesten» blei arrangert på Westland Hotel.

Så god stemning blei det, at det kjem til å bli tradisjon.

Miljøvernforbundet meinte vegen var bygd av forureina betongmasse

Nils Markus Bakke på synfaring med Hogne Askeland, Roger Fjeldsbø og Eirik Berntsen frå miljø og tilsyn i Alver. Foto: Gunn Berit Wiik

Det blei fullt ståhei om veg, etter at Ruben Oddekalv i Miljøvernforbundet melde vegbygginga inn til kommunen si miljøavdeling.

Grunneigar Nils Markus Bakke meiner det hadde vore meir seriøst av Ruben Oddekalv å ta kontakt direkte før han blanda inn kommunen og NRK.

– Då kunne han ha peika på kva han ville og me kunne sett på det saman, seier han.

Skogsvegen til Bakke blei seinare friskmeld av kommunen.

Joker Austrheim legg ned drifta

Butikksjef Eline Håland fortel at dei eigentleg var klare til å slå butikken konkurs i juli, men at dei fekk litt tenkjetid. Foto: Gunn Berit Wiik

– Det har gått nedover lenge og eigentleg lagt i korta i fleire år, sa butikksjef Eline Håland då konkursen var eit faktum.

Lærar skjelte ut elev – og ein video av hendinga vart spreidd på nett

Knarvik vidaregåande skule. Foto: Anne-Lise Nordpoll

«Er du heilt idiot? Din forbanna kuk! Kom deg ut. Kom deg ut!» ropar læraren mot eleven som pakkar tinga sine og går.

Ein videosnutt med dette innhaldet spreidde seg i ungdomsmiljøet i Knarvik og andre stader i landet.

Politiaksjon i Modalen

Fleire politipatruljar var på plass i Mo. Foto: Privat

Fleire væpna menn tok med seg ein mann frå eit bustadhus i Masfjorden. Både kone og barn var i huset då det skjedde.

Mannen vart så teken med til Mo, truleg for at han skulle få pengar av kjentfolk og gje dei til mennene som hadde kome til huset hans i Masfjorden.

Ordet "kidnapping" vert brukt om måten mannen vart teken med på frå huset sitt, men om dette er dekkande i juridisk forstand er ikkje klart.

Politiet arresterte i alle fall tre personar for hendinga.

Kommunen laga reinseanlegg og veg – øydela store delar av garden

Tidlegare lærar varsla om det han meiner er fryktkultur på skulen

Vil opne sushirestaurant og «diner» i Knarvik

Sjå stor bildeserie frå 17. mai-feiringa i Alver

Risikerer at utrykkingskøyretøy ikkje kjem seg fram i Bresvika

«Kroken på døra», sa Anne etter siste straumrekning. Så kom ei enorm støtte frå folket

Drama under pensjonistseminaret: – Er det ein lege i salen?

– Dette er første gongen me har vurdert å slutta

Då førstemann var fire månadar, oppdaga Ingvild at ho var gravid med tvillingar

Predikanten hamna i fengsel: – Ran var uaktuelt, og sprit kan folk døy av