I morgon laurdag inviterer mottaket til møte i eigne lokale mellom klokka 10 og 12. På agendaen står informasjon om kva ein håpar å få frivillige til å stille opp på.

Venefamilie

– Me treng mange frivillige, sjølv om me allereie har fått ein del, seier Ane Bysheim, koordinator for aktivitet og frivilligheit ved mottaket.

Eitt av dei viktigaste måla dei har sett seg er at dei 33 mindreårige asylsøkjarane ved mottaket skal få kvar sin venefamilie. Nokre har meldt seg, men ein manglar enno mange.

– Med venefamilie meiner me ikkje ein familie som skal ta med ungdommane på ferie og masse aktivitetar. Det viktigaste er at dei kan få komma på besøk av og til, og vera med i ein heilt kvardagsleg familiesetting. Det kan vera ein søndagsmiddag eller liknande. Målet er å gje dei eit innblikk i korleis ein har det i norske familiar, seier Bysheim.

Leksehjelp

Førebels har ein ikkje starta opp denne ordninga for dei som har fått seg venefamilie, fordi ein ikkje vil gjera forskjell på ungdommane.

I tillegg til venefamiliekonseptet vil ein òg starta opp leksehjelp for asylungdommane. Her har ein allereie fått fatt i to frivillige, og Bysheim og kollegaene håpar på å komma i gang så smått neste veke.

– Er det pensjonerte lærarar eller andre som vil bli med oss, må dei berre ta kontakt eller komma på møtet vårt i laurdag, seier Bysheim.

Den siste satsinga frå mottaket si side er ei såkalla ad hoc-gruppe.

Denne ser dei føre seg kan bestå av frivillige som ikkje ønskjer å binda seg fast til aktivitetar, men som gjerne stiller opp når dei har mulegheit.

– Fram mot jul treng me ekstra mange frivillige for å få kabalen til å gå opp. Me ønskjer til dømes å få arrangert ein julemiddag for dei som bur på mottaket, seier Bysheim.

Aktivitetsgruppe

Parallelt med mottaket sine initiativ har òg Redd Barn sett seg som mål å gjera ein innsats for ungdommane. Dei ønskjer å få etablert ei frivilliggruppe som kan ta asylsøkjarane med på aktivitetar og stilla opp på andre måtar.

– Me har slike mottaksgrupper mange stader i landet, også i Bergen. Det me ser, er at asylsøkjarane set ekstra stor pris på at det er «vanlege» folk som tar dei med på ting. Tilsette på mottak gjer ein fantastisk innsats, men det er trass alt jobben deira, seier regionskonsulent Camilla Haug i Redd Barna Region Vest.

Ho meiner det lettare oppstår vennskaplege relasjonar mellom asylsøkjarar og frivillige i ein slik setting.

– I tillegg kan mottaksgruppa hjelpa ungdommane med å bli endå betre kjende i lokalsamfunnet ved å ta dei med på ulike aktivitetar. Det kan vera på ungdomsklubb, fotballtrening eller anna, seier Haug.

Redd Barna har sett 25 år som nedre aldersgrense for å vera med som frivillig.

– Om nokon vil stilla opp, kan dei kontakta oss på regionvest@reddbarna.no, seier Haug.