Påskeaftan hadde Norsk Tipping ein Supertrekning-pott på rekordstore 54 millionar kroner. Dette resulterte i at 51 spelarar vann 1 million kroner kvar.

Dei heldige blei trekte ut blant alle innleverte rekker etter førre Supertrekning som var 22. desember. Tre andelsbankar deler i tillegg tre millionar kroner.

Ei kvinne frå Nordhordland var ein av dei heldige som plutseleg blei rik midt i påskeferien.

– Er det sant? Det er fantastisk, utbraut ho til Norsk Tipping.

Kvinna seier at ho ikkje hadde forventa ein telefon frå Hamar på påskeaftan.

– Eg har berre vunne småbeløp, så dette er jo heilt utruleg, seier kvinna som ønsker å vera anonym.

Av dei 51 spelarane som vann laurdag, er fire frå Hordaland.