Tysdag blei «nyevegen» Marås-Soltveit på fylkesveg 565 på Radøy opna.

Med gulstripe og 80 km/t på den heilt nye vegen, måtte lovens lange arm også ha ein politikontroll.

– Det førte til 15 forenkla førelegg, og høgste fart var målt i 102 km/t, opplyser politiet.

Fartsgrense på 80 km/t

Politiet er klar over at mange gjerne undrar seg over korleis fartsgrensa blir sett, og at det ikkje er tydeleg merkt på den nye vegen.

Difor minner dei om vegtrafikklovas paragraf 6, og viser til at det utanfor tettbygde strøk ikkje bør køyrast fortare enn 80 km/t.