– Eg er heilt i sjokk. Eg trudde dette var ein god spøk. Men det er julegåva si det!

Hege Vågenes Solheim frå Radøy har nett fått telefon frå Norsk Tipping. Ho er over ein million kroner rikare. Då ho fekk telefonen, kunne ho knapt tru det.

– Eg trur ikkje på deg.

Det er ikkje rart Hege reagerer slik. Vinnerkupongen blei levert hos Extra Manger den 13. oktober.

– Det har blitt litt telefonar

Det er ei fatta vinner som snakkar Strilen søndag morgen.

– Det har blitt litt telefoner.

Ho veit endå ikkje kva ho skal bruka pengane til.

– Det har ikkje tenkt på. Dette er framleis ganske nytt for meg.

Gåve til Lindås

Av dei 42 vinnerane var det tre kvinner frå Hordaland. Ei av dei frå Lindås.

– For ein kjempefin julegåve. Det er heilt fantastisk, seier kvinna som vil å vera anonym.