SONG: Solveig Myksvoll Gilborne gledde med vakker song.
PEPARKAKEBYGD: Skular og barnehagar i krinsen har laga denne peparkakebygda, som står inne i bokkafeen.
VANN: Vesle Martin Sørli var ein av vinnarane i lotteriet.
STRIKKEDAMER: Damene som samlast på strikkekafeen på Ekneskaien kvar tysdag, selde noko av det dei har strikka. Her representert ved Else Myhr (til venstre) og Tove Guldbrandsøy.
NISSEN: Borna flokka seg om nissane.

Ordføraren var henta inn for å tenna julegrana på Ekneskaien søndag, men ho fekk med seg vesle Lars til å trykkja på brytaren. Lars bur i Bergen, men var på besøk hos besteforeldra på Eknes, og bestefar Svein Rusten var og med på tenninga.

Tenning av julegrana har etter kvart vorte ein fast tradisjon på Ekneskaien, og i det fine vinterveret søndag hadde det samla seg mykje folk for å få med seg seremonien.

Før julegrantenninga hadde det vore underhaldning frå scena. Ostereidet Skulekorps var først ute, og deretter var det song ved ordføraren, akkompagnert av partifelle Leif Hosøy Sleire.

Songfugl

Deretter var det song ved Solveig Myksvoll Gilborne, som akkompagnerte seg sjølv på piano. Ho starta med den vakre julesongen ”Mitt hjerte alltid vanker”, og følgde opp med fleire.

Konferansier Alf Bjarne Nilsen frå Eknesvågens Venner fekk oppfylt ønsket sitt om å syngja ”Nordnorsk julesalme” saman med ordføraren, og dei song og då det var gang rundt juletreet etter lystenninga.

Julenissen dukka og opp, og borna let seg ikkje be to gonger om å få gåver frå nissen, eller nissane.

Salsboder

Men samlinga på Ekneskaien handlar ikkje berre om lystenning og juletregang. Fleire enkeltpersonar hadde salsboder, og alt frå krakkar til honning, såpe, strikkeplagga og Oster-kalenderar var til sals.

Bokkafeen på kaien var open, og folk kunne og få kjøpa seg mat.

I eit hjørne inne i kafeen har skular og barnehagar i krinsen laga ei lita peparkakebygd.

Under arrangementet var det og trekning i Eknesvågens Venner si utlodning.

– Eg er veldig godt nøgd med arrangementet i dag. Eg trur kanskje det er ny publikumsrekord. Frammøtet varierer naturleg nok med veret, og i dag var me heldige, sa Alf Bjarne Nilsen til Strilen då arrangementet nærma seg slutten.