– Det er ein spesiell situasjon me står i. Me har jobba med dette kontinuerlig i fire veker allereie for å førebu oss, sa Alver-ordførar Sara Sekkingstad på pressekonferansen.

I sosiale medier har kommunen og ordføraren fått kritikk for at dei ikkje har vore meir synlege med råd om korona. Då kommunen i går gjorde det kjent at dei kom til å oppretta ein eigen koronatelefon, begynte telefonen å ringja nesten før han var operativ.

– Lytt til nasjonale råd

– Dei siste døgna har råda endra seg heile tida. Det er krevjande både for kommunen og innbyggjarane i Alver. Vi følgjer heile tida råda frå Folkehelseinstituttet, og nasjonale myndigheiter. Vårt beste råd er at folk heldt seg oppdatert på dei nasjonale råda og følgjer dei, seier rådmann Ørjan Raknes Forthun.

Kommunen sin bodskap til innbyggjarane er å halda hovudet kaldt og hjartet varmt.

Generelt kan ein også prøva å hugsa på det gamle ordtaket om at intet nytt, som oftast er godt nytt.

Lokal koronatelefon

Koronatelefonen i Alver er først og fremst oppretta for å avlasta legekontora og ta imot spørsmål frå folk som lurer på om dei er smitta av korona, og bør testa seg eller har så alvorlege symptom at dei bør oppsøkja lege. Koronatelefonen kan også svara på spørsmål om karantene, dersom folk framleis er usikre etter å ha lest seg opp på det som vert gitt av nasjonale råd.

Alver sin koronatelefon har telefonnummer 56 37 59 00. Telefonen er open på kvardagar mellom kl. 08.00 og 15.30 og mellom kl. 10 og 14 i helgene. Skulle du ikkje koma fram der, eller ha spørsmål utanom opningstid, kan du ringja den nasjonale koronatelefonen.

Informasjon om telefontenesta og anna informasjon som kommunen meiner innbyggjarane bør vita, står på kommunen sine nettsider. Den vert oppdatert med ein gong dei har nye ting å melda.

Hald karantenereglane!

Reglane som er innført no handlar om å begrensa smitten og hindra at folk vert sjuke.

Rådmann og ordførar ber folk vera nøye med å overhalda desse.

– Er du i karantene, så bli heime. Ikkje gå på butikken eller andre stadar der du kjem i kontakt med folk, seier dei.

Dei ber folk om å ikkje kontakta legevakt og legekontor med spørsmål dersom dei er friske, for å unngå å blokkera telefonen for dei som verkeleg treng å få kontakt med lege.

– Ellers gjeld det generelle rådet om å vaska hendene grundig med såpe, og ha antibacen i lomma når du er rundtomkring, seier Sekkingstad.

Alle skular og barnehagar i kommunen er inntil vidare opne, slik at helsepersonell og andre som har stillingar som er spesielt viktig for tryggleiken i samfunnet, kan nytta seg av tilbodet ved behov.

– Nok mat til alle i Alver

– Då eg kjørte på jobb i dag, såg eg at det var ein vellukka strategi å be alle som kan det om å ha heimekontor. Det rådet er det mange som har lytta til. Det var merkbart mindre bilar på vegen, seier rådmannen.

Folk har ikkje vore like flinke til å følgja rådet om å ikkje hamstra mat, dopapir og andre varer.

– Det er nok mat til alle i Alver. Me ber folk om å ikkje hamstra mat, slik at alle faktisk får dei varene dei skal ha når dei treng det, seier Sekkingstad.

Solidaritet og dugnadsånd er eit stikkord på alle område.

– Hjelp kvarandre. Har du ein nabo som sit aleine? Ta opp telefonen og ring. Vis omsyn. Alle har eit ansvar for kvarandre i denne situasjonen, seier ho.

Samtidig som kommunen ber folk om å hjelpa kvarandre, presiserer dei at ein helst ønskjer at folk skal halda seg i ro i sitt nærområde og ikkje farta rundt og kontakta nye menneske. Det er eit råd for å unngå å spreia smitte.

Avlyser møte i kontrollutvalet

Sidan Alver kommune sjølv har oppfordra alle om å avlysa arrangement og møte, har dei også bestemt seg for å avlysa møtet i kontrollutvalet på tysdag og kommunestyremøtet som var planlagt 26. mars.

– Dette gjeld inntil vidare. Dersom det skulle vera behov som tilseier det, kan me eventuelt samla formannskapet, seier Ørjan Raknes Forthun.