Eit supertalent frå Masfjorden sjakklubb viste seg fram under ei sjakkturnering i Bergen nyleg, opplyser Odd Birkestrand frå sjakklubben.

– 13 år gamle Kasper Larsen frå Masfjorden sjakklubb gjorde reint bord i lynsjakkturneringa SuperSeptember på Sørås i Bergen 4. september. Han fekk score: 9 poeng på 9 rundar – ein sjeldan prestasjon på alle nivå i sjakk. Turneringa samla 30 deltakarar i to grupper. Den unge og svært lovande masfjord-spelaren gjekk til topps i gruppe B med 21 deltakarar, opplyser Birkestrand.