Væpna politi jakta på to menn

Seks politipatruljar rykte ut då dei fekk melding om aggressive personar som sprang etter bilar med hammar.

Publisert:

Seks politipatruljar drog ut då alarmen gjekk. Foto: Marius Villanger

  • Siv Berg Lutro
Denne artikkelen er over ett år gammel

Måndag kveld fekk politiet melding om to personar som sprang etter bilar på ein parkeringsplass i Alversund i Lindås.

Det var fleire som varsla politiet.

– Vi fekk melding om at den eine personen truleg hadde ein hammar som han slo etter bilane med, fortel operasjonsleiar Vibeke Næss i Vest politidistrikt.

Ifølgje innringjarane skal personane også ha kasta steinar etter bilar.

– Dei blei beskrivne som veldig aggressive, seier Næss.

Seks politipatruljar rykte ut til staden då dei fekk meldingane. Politiet var væpna.

– Det var fleire som hadde blitt veldig skremde og følte seg trua.

Politiet hadde klokka 22.45 kontroll på den eine av dei to mennene.

Det blir opp til jurist om vedkommande blir sett i arrest.

– Vi søker no etter den andre personen, som vi veit kven er. Dette er kjenningar av politiet, seier Næss til Strilen klokka 22.45.

Dei to mennene er begge i 30-åra.

Politiet måtte måndag kveld leite etter ein av dei to mennene. Foto: Marius Villanger

Publisert:

Flere artikler

  1. NYHEITER

    Sju til sjukehus etter trafikkulukke i E39-tunnel

  2. NYHEITER

    Industribygg totalskadd i kraftig brann: – Det var veldig tungt

  3. NYHEITER

    Bilkrasj i Alversund – sjåføren forsvann

  4. NYHEITER

    Mann frå Lindås omkom i ulykke i Kjevikdalen

  5. NYHEITER

    Politiet hadde mange oppdrag i helga

  6. NYHEITER

    Frakta til sjukehus med luftambulanse

Mest lest akkurat nå

  1. Gunn Kristin er med i sin andre sesong

  1. Politiet
  2. Alversund
  3. Lindås
  4. Vest politidistrikt