Det var natt til laurdag at det gjekk ras på fylkesveg 570 på strekninga mellom Dyrdal og Kjekallevågen bru i Lindås kommune. Måndag formiddag melde vegvesenet om at vegen vart opna for trafikk igjen etter at geolog hadde vurdert rasstaden.

Assisterande rådmann i Masfjorden kommune, Sveinung Toft, fortel at målet var å få alle elevane på skulen måndag.

– Det er ein lokal bussjåfør som har kjørt inn til Einestrand og snudd der og tatt med seg elevane inn til Sandnes skule. Fleire hadde også tatt kontakt med sjåføren på eige initiativ.

Også elles fekk kommunen testa beredskapen, enn så lenge sørsida av Masfjorden vart «klemt inn» mellom ras og ferje. Dei hadde lege tilgjengeleg, brann og redning hadde ordna ekstra mannskap i tillegg til at ferja hadde fått beskjed om at det kunne bli aktuelt med ekstraturar ved behov.

Raset skjedde ikkje mange vekene etter at eit større ras i Gulen var med å dela Dalsøyra-bygda i to.