Kårbø har vore medlem i KrF i 23 år. Dei fleste av desse har han også vore folkevalt for partiet, men no har han bestemt seg for å gå til Høgre.

– Eg har tenkt mykje i sommar, og følte det var viktig å ta ei avgjerd no når nominasjonsprosessen til neste val er i gang. Eg kunne kjent på dette utover hausten, men eg føler det er ryddigast og mest riktig å gi beskjed no, seier Kårbø til Strilen.

Det var NRK Hordaland som gjorde nyheita kjent søndag føremiddag.

Hareide er informert

Kårbø har brukt dei siste dagane til å informera folk rundt seg og melda frå internt i partiet om valet han har tatt.

– Eg har blant anna snakka direkte med Knut Arild Hareide om dette, slik at han er informert.

– Kva reaksjonar har du fått?

– Det er klart det er ein del som er skuffa over valet eg har tatt, men eg opplever at dei respekterer meg. Eg ønskjer som sagt å vera ryddig på dette og gjera det på ein slik måte at eg kan behalda den gode kontakten og dei venene eg har i partiet, seier Kårbø.

Eit stort steg

Fleire sentrale KrF-politikarar i Bergen har dei siste dagane varsla at dei ikkje vil vera med KrF vidare. Kårbø forstår at folk tenkjer det kan vera ein samanheng her, men seier at han har tatt eit sjølvstendig val etter ein lengre prosess.

– Det handlar ikkje om usemje på lokalt plan, men om dei lange linjene i politikken, om partiet si linje i regjeringssamarbeid, seier Kårbø.

Han er også opptatt av å få fram at det er han som har tatt kontakt med Høgre og sondert terrenget i forhold til dei – ikkje omvendt.

Bakgrunn frå Unge Høgre

– Eg har heile tida lege litt mot høgre politisk. For meg har det berre vore to parti som har vore aktuelle, og det er KrF og Høgre, seier Kårbø.

Han viser til at han som ungdom var med i Nordhordland Unge Høgre.

– Eg var leiar der i 1990 og 1991, og var aktiv der på same tid som blant anna Torill Eidsheim, seier Kårbø.

Han er framleis medlem i KrF, men kjem til å melda seg ut i nær framtid.

Når det gjeld korleis han skal løysa rolla som fylkesvaraordførar, seier Kårbø at dette er noko han har tenkt mykje på og framleis tenkjer på.

– Eg kjem ikkje til å melda overgang direkte frå eitt parti til eit anna. Eg meiner det er best at eg avventar og er uavhengig ei stund før eg melder meg inn i Høgre. Men eg føler det er riktig å opplysa om kvar eg står og kvar eg er på veg, seier Kårbø.

Han plasserer seg no sjølv i kategorien «Høgremann som ber aftenbønn».

Kunne vore i regjering

I ein kommentar til BT, seier Kårbø at:

– Eg kjenner at KrFs nasjonale ørkenvandring i samarbeidsspørsmålet, og det at at ein heile tida ikkje kan bestemma seg, tar på. Eg meiner dei burde tatt det rommet og sikra landet ei flertalsregjering.

Han viser i same intervju til at KrF med sine stortingsrepresentantar kunne gått saman med Høgre, Frp og Venstre i regjering.

– Eg ser at dei ikkje klarer å ta ein konklusjon, og då må eg fokusera på min eigen nominasjon, seier Kårbø, som altså ønskjer å halda fram i fylkespolitikken.

Neste års fylkestingsval vert her til den nye Vestland fylkeskommune. Høgre-laga er alt engasjerte i jobben med å fremja sine kandidatar til listeplasseringane.

Diskuterer kandidatur

Leiar av nominasjonskomiteen i Hordaland Høgre, Nils Marton Aadland, seier til Bergens Tidende at dei har registrert at Kårbø er på vei ut av KrF og vil inn i Høgre.

– Han har signalisert at han vil bidra i fylkespolitikken, og det er eit signal nominasjonskomiteen må ta med seg i vårt vidare arbeid.

Aadland seier at komiteen skal møtast 22. august, og han reknar med at Kårbø blir eit tema på det møtet.

– Kårbø er ein dyktig politikar, det er det ingen tvil om. Men eg vil ikkje spekulera i kva plass han kan få på lista. Det er noko me må drøfta inngåande.