I helga vart det annonsert at Medaasprisen for 2024 går til den velkjende artisten Bjørn Eidsvåg.

«Han sluttar aldri å utfordre oss, er aldri redd for å gå nye vegar. Det er ei bragd å vinne tilliten frå stadig nye generasjonar», står det på DNS si side.

Seinare i år, 7. oktober, skal det vere festkonsert på DNS med blant anna Jan Eggum, Sigrid Moldestad og Garness på scena, i tillegg til Eidsvåg sjølv.

Medaasprisen er meint å heidra utøvande kunstnarar som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og 25.000 kroner.

Siste fem års vinnarar: Mari Boine (2023), Sigvart Dagsland (2022), Ingebjørg Bratland (2021), Hellbillies (2020), Kari Bremnes (2019)

Siste innlegg

Har du tips eller spørsmål? Me vil gjerne høyra frå deg!

Send melding
Monica Skjelanger Reknes

Seier nei

Kommunedirektør Jo Tømmerbakke. Foto: Monica Skjelanger Reknes (arkiv)

Norsk Vind har invitert Vestland fylkeskommune og Modalen kommune til å vere med i ei prosjektgruppe. Gruppa skal arbeide med eit forprosjekt for å få ny tunell frå Mostraumen til Mo.

Vestland fylkeskommune har sagt ja til å bli med i prosjektet, Modalen kommune seier nei.

Det var Vaksdalsposten som omtalte saka først.

– Det kjem til dømes ingen tunnel utan politiske vedtak først, og dette er inga sak så langt, sa kommunedirektør Jo Tømmerbakke i kommunestyremøtet då saka var oppe.

Han viser til at det er fleire årsaker til at kommunen skal seie nei til tilbodet frå Norsk Vind. Både ressursar, og at administrasjonen kan då bli inhabil i vindkraftsaker som kan kome til handsaming i kommunen.

Henrik Hauken

Kan bli streik ved Meny Knarvik

Meny Knarvik held til i «siloen» i Amfi Knarvik, like ved Knarvik terminal. Foto: Kjell Arne Steinsvik (arkiv)

30. april blei leiinga i Handel og Kontor og arbeidsgivarane i Virke einige om årets lønnsoppgjer for tilsette i butikkar, lagre og kontor.

No melder BT at dei kan ha jubla for tidleg.

Det har nemleg vore ein del misnøye i grasrota blant Handel og Kontors medlemmar fleire stader i landet.

Forhandlingsresultatet frå lønnsforhandlinga skal nemleg ut på ein uravstemming, der resultatet er venta å bli eit nei.

Forhandlingsresultatet det skal stemmast over:

  • Eit generelt tillegg på fire kroner i timen til alle.

  • Minstelønnssatsane skal aukast.

Blir det eit nei, kan det gå mot streik for mange butikkar i Bergen og omland.

Dette vil råke dei tilsette på Meny Knarvik, som blir tatt ut i streik om lønnsforslaget blir stemt ned innan fristen den 28. mai.

Monica Skjelanger Reknes

Victoria spelte for Abelpris-vinnaren

Med kontrabassen på Karl Johan. Foto: Privat

Då franske Michael Talagrand fekk Abelprisen 2024 i Oslo tysdag, spelte Victoria Maria Selvik solo på kontrabass, akkompagnert av mamma Marina Kan Selvik på klaver. Det var HKH kronprins Haakon som delte ut prisen.

Victoria stilte bunad frå Brekke i Gulen, der familien har hus som dei i dag nytar til feriar. Familien var tidlegare busett i Brekke.

I dag er Victoria medlem av fleire nasjonale orkester som Norsk ungdomssymfoniorkester, Bergen Filharmoniske Orkester Ung, Ung Filharmoni-2023 og har vore med på prosjekt med Operaorkesteret og KORK. Ho har reist på turnear i Tyskland og i Polen.

Abelprisen vert delt ut til matematikarar som har gjort eit svært godt matematisk arbeid. Prisen er kalla opp etter matematikaren Niels Henrik Abel.

Victoria Maria Selvik og Michael Talagrand. Foto: Privat
Erlend Nordland Kristiansen

Stor skogbrannfare på Vestlandet

Illustrasjonsbilde. Foto: Fredrik Hagen

Det er sendt ut oransje farevarsel – altså stor fare – for skog-, gras- og lyngbrann i Vestland fylke og delar av Rogaland denne veka.

Blant anna gjeld dette Nordhordland og Bergen, viser oversiktskartet til varsom.no.

Varselet gjeld frå måndag 20. mai til laurdag 25. mai.

Vestlendingar som tenker å avslutte langhelga med grilling, bør derfor unngå tørr vegetasjon.

– Ikkje bruk eld. Følg lokale myndigheiters instruksjonar. Behov for førebyggande tiltak og beredskap skal blir vurdert fortløpande av beredskapsaktørar, står det i varselet.

Martin Hjellestad

17. mai-premiar stolne frå samfunnshuset

Det var ikkje mykje igjen etter at ein eller fleire luringar hadde forsynt seg inne i samfunnshuset. Foto: Privat

I løpet av tysdag morgon skal nokon ha stole alle premiane til nasjonaldagen frå samfunnshuset i Austrheim.

«Ei trasig melding på ein torsdag, som me deler på vegner av arrangementskomiteen for 17. mai på Austrheim. Kanskje er det ein tjuv eller to som vil gjera opp for seg, og komma tilbake med tinga?», skriv Austrheim kommune på Facebook.

Frå Austrheim kommune si Facebook-side.

«Tenkte du at du skulle komme på 17. mai på samfunnshuset i morgen?

Da må vi dessverre meddele at noen har stjålet flere premier (gavekort og div annet), skuddene til luftgevær, fartsmåleren til ballskudd, pilene til pilkast, hammerne og litt annet.

Vi anbefaler de som har vært klåfingret til å komme tilbake til samfunnshuset med tingene nå i kveld da vi lager til enda.

Hilsen skuffet 17. mai-komité».

Monica Skjelanger Reknes

Heidi kan bli «Elektrokvinnen 2024»

– Det er jo kjekt at den jobben ein gjer vert lagt merke til, seier Heidi Lie Foto: Privat

Elektroforeningen deler årleg ut pris til menneske som er ein rollemodell innafor bransjen. Målet er, ifølgje foreininga si heimeside, å rette søkjelys på mangfald, kjønnsbalanse og likestilling i bransjen.

I år er Heidi Lie, forbundssekretær hjå EL og IT-forbundet Norge, ein av tre nominerte for prisen. Ho er nominert for andre gong.

– I år har eg, saman med andre tidlegare finalistar samarbeidd med fleire andre for å få til mellom anna eit fagleg seminar for kvinner på Eliaden (stor fagmesse), og eit eige seminar der ein set mangfaldsleiing på agendaen i elektrobransjen, seier Lie.

Ho synest det er hyggeleg å bli nominert.

– Det er jo kjekt at den jobben ein gjer vert lagt merke til. For det at ein snakkar høgt om faget, kvinner i bransjen, rekruttering og det å behalde både kvinner og menn i denne kule bransjen som eg er så stolt over å få vere ein del av, er jo kjekt.

Lie er frå Brekke i Gulen og bur på Frekhaug.

Erlend Nordland Kristiansen

Flyttar frå Frekhaug til Knarvik

Her i dette bygget blir det Bua om ein månads tid. Foto: Bua

Bua Frekhaug blir til Bua Knarvik i løpet av sommaren.

«BUA Frekhaug flyttar til Knarvik og opnar att der 25. juni. Vi treng meir plass og det får vi her. Det betyr meir utstyr, moro, utlån og aktivitet. Du kjem til å finne oss vis-à-vis Helsehuset», skriv dei på si Facebook-side.

Det er i det gamle «polbygget» i Knarvik at Bua Knarvik no skal oppstå.

Det betyr dermed at det populære Bua-tilbodet på Frekhaug, som heldt til i den gamle brannstasjonen, forsvinn.

I Alver er det også Bua på Manger.

Bua er ei utlånsordning der kven som helst kan leige sports- og fritidsutstyr gratis.

– Bua er som eit kinderegg. Vi inkluderer, driv med folkehelse og aktivitet og tenker på berekraft og forbruk, har tilbodet tidlegare blitt beskrive som av Håvard Hauge i Bua.

Bua Frekhaug skal på flyttefot. Foto: Erlend Kristiansen (arkiv)
Hege Alberta Wilhelmsen

Skal synge salmar i skogen

I fjor måtte konserten flyttast til Seim kyrkje på grunn av dårleg vêr, men arrangørane gir ikkje opp. Foto: Privat

Åtte lokale artistar har samla yndlingssalmane sine og trommar saman til konsert i bøkeskogen ved Vallevika i Seim, laurdag 25. mai.

– Vi er ein gjeng kvinnelege artistar som er «heiagjeng» for kvarandre og møtest ein gong i månaden, seier Rismyhr Jansen.

– Og eg har alltid hatt ein drøym om å ha konsert i bøkeskogen og så hadde eg lyst til å ha ein i salmekonsert. Dette nemnde eg for dei andre, og så slo vi to fluger i éin smekk.

Konserten vart så godt motteken i fjor at dei åtte damene har samla nye yndlingssalmar.

– I fjor måtte vi flytte arrangementet inn i kyrkja på grunn av regnet, så vi håpar på betre lukke i år, seier ein av artistane May Sissel Rismyhr Jansen.

– Valet fall på salmar fordi vi alle har eit sterkt forhold til dei, gjennom vår felles tru. Men eg trur at det er noko med salmar som betyr noko for mange, uansett tru, seier Rismyhr Jansen.

Ho framhevar også at samarbeid med grunneigar Kari Anne Romarheim har betydd mykje for det praktiske.

I tillegg må eg seie at det å stå saman på konsertscenene og ikkje åleine, slik fleire av oss ofte gjer, er veldig fint.

Vêret var ikkje på deira side i fjor, men i år har dei sikra seg med telt og tarpar, så i år blir konserten ute, uansett vêr.

– Folk får kle seg godt om ikkje vêret slår til, avsluttar Rismyhr Jansen, som gler seg til konsert.

Ho har med seg Ingelin Reigstad Norheim (Garness), Hanne Vatnøy (HAVA), May Sissel Rismyhr Jansen (May Sissel), Stine Karin Sæle, Vibeke Bjørndal Midttun, Ingrid Helene K. Raunehaug (Ingrid Helene), Kamilla Strømsbo Dale og Jaemie Callender Walde (Jaemie Gina).

Anne-Lise Nordpoll

Legesenter må stengja telefonen

Det er ikkje mogeleg å nå Frekhaug legesenter på telefon i dag, onsdag 15 mai, melder Alver kommune.

Dette skuldast sjukdom.

«Pasientar kan nytte e-melding for beskjed og reseptbestillingar. Om det ikkje hastar kan ein ringe torsdag. Ved akutt sjukdom eller skade vert pasientar oppmoda om å ringja legevakta i Knarvik», skriv kommunen.

Anne-Lise Nordpoll

Ror til 1000-årsjubileum

17. mai 2020: Mannskapet om bord i oselvaren til IL Kvernbit». F.v.: Leif Harald Løvik, Leif Johnsen og Atle Bergseth. Foto: Kjell Magnus Økland/kystkultur.no

Hamre på Osterøy har i 1000 år vore ein samlingsplass, og var i tidlegare tider også kyrkjestad for folk på vår side av fjorden.

Flatøy, og området frå Knarvik og vidare inn til Eikangervåg var del av Hamre kommune heilt fram til 1964. Då Hamre kommune var størst i utstrekning, var også mesteparten av Åsane, Holsnøy (Frekhaug-området) og ein del av Askøy ein del av Hamre.

25. og 26. mai vert det stor jubileumsfest på Hamre, og i samband med dette inviterer ro- og seglgruppa i IL Kvernbit folk til å vera med å ro over fjorden.

– Det vert ein rotur med tradisjonsbåtar, oselvar, kyrkjebåt og vikingskip frå Knarvik til Hamre, fortel Atle Bergseth i ro- og seglgruppa.

Han oppfordrar folk som er interesserte i å vera med til å ta kontakt. Dei reknar med å bruka 45–60 minutt på roturen, og dersom det er mange som vert med så vil dei i tillegg til tradisjonelle robåtar bli brukt eit større vikingskip.

Hamre kyrkjestad var kyrkjestad for eit svært stort område. Foto: Ronny Bertelsen

– Dette blir ei flott oppleving og me håper mange vert med over, seier Bergseth.

Båtane vil returnera til Knarvik etter at markeringa og festgudstenesta på Hamre er over.

Dersom det er stor interesse for å vera med, så vil vikingskipet Haakon Haakonsson ta turen frå Knarvik til Hamre. Foto: Elin Mæland
Eirik Langeland Fjeld

Alver kan få 32 millionar kroner meir i 2025

Foto: Kjell Arne Steinsvik

Alver kommune er venta å få 32 millionar kroner meir å rutta med i 2025, og deretter 22 millionar kroner meir i året, skriv avisa Nordhordland.

Endringa kjem som følgje av det nye inntektssystemet for kommunar som regjeringa legg fram neste veke.

- Dei (kommunane, red. anm.) som er veldig rike må bidra litt meir, og me som er skattesvake får litt meir tilført. Kanskje får me ei litt meir rettferdig fordeling av inntektene, seier Alver-ordførar Sara Hamre Sekkingstad (Sp) til NH.

Så mykje kan dei andre kommunane få:

  • Austrheim: 11 mill. kr

  • Fedje: 2 mill. kr

  • Gulen: 940.000 kr

  • Masfjorden: 2,85 mill. kr.

  • Modalen: - 132.000 kr

Erlend Nordland Kristiansen

Brunt vatn i springen

Brunt vatn i springen. Foto: (via Austrheim kommune)

«Ein innbyggjar på Toftegård har sendt kommunen dette bildet av vatn tappa tysdag morgon. Det er ikkje noko arbeid på gang i regi av kommunen som kan forklara misfarginga», melder Austrheim kommune tysdag formiddag.

Dei melder at om du har misfarga vatn i krana, så «må du tappa kaldt vatn, i den krana som er nærast vassinntaket til huset, og sjå om det hjelper etter litt tid».

Dei legg til at fargen kan skuldast avleiringar inne i leidningane lausnar og fargar vatnet.

Erlend Nordland Kristiansen

Har trykt opp haugevis av «ubåt-skjorter»

Desse damene har vore på Fedje og i by'n med sine nye t-skjorter. Denne dagen vart dei vist fram på kaien i Knarvik. Foto: Erlend Kristiansen

Aksjonsgruppa «Få opp kvikksølvet», som primært består av ein gjeng radværingar, hadde møtt opp på Knarvik kai måndag morgon.

Det var ikkje vanskeleg å sjå, då dei er kledd i sine turkise «Få opp kvikksølvet U-864»-t-skjorter.

Dei har blitt trykt opp i 180 eksemplar, men dei vil aldri bli heilt utselt. For er det tomt, får dei trykt opp nye.

– Vi har brukt desse t-skjortene når vi var vore på Fedje og møtt ordføraren og leiaren for aksjonsgruppa der ute, og når vi var i by'n på One Ocean Week. Då prøver vi å forklare folk kva vi står for og halde saka varm, seier Tine Mangerøy, som bur på Manger.

Gjengen var heller lunkne til det dei fekk «servert» på Knarvik kai og vil nok ikkje gje seg før kvikksølvet er heilt borte.

– Eg håpar dei tar Forsvaret med, med omsyn til torpedoar og det som har vore ein redselssak for dei, seier Mona Vaktskjold.

Klar tale frå denne plakaten. Foto: Erlend Kristiansen
Erlend Nordland Kristiansen

– Eit veldig laust vedtak

President i Nordhordland Rotaryklubb, Inge Alver. Foto: Erlend Kristiansen

Inge Alver, president i Nordhordland Rotary, var blant dei som hadde tatt turen til Knarvik kai måndag morgon.

Rotaryklubben er ein av fleire krefter som har stått på for å få til eit gjennombrot med ubåten, då i form av av å få kvikksølvet opp og vekk. Tidlegare har dei sendt brev til statsministeren om å få kvikksølvet opp.

Og beskjeden på Knarvik kai om at kvikksølvet skal opp og vekk, blir tatt godt imot – med litt atterhald:

– Det er positivt at det blir tatt ei beslutning om å følge ekspertutvalets sine anbefalingar, men det er eit veldig laust vedtak. «Så mykje som mogleg». Kor mykje er det? Og kven er det som bestemmer kva som er så mykje som mogleg? Det er ingen grunn til å lette på trykket i denne saka.

– Så ingen blautkake i dag?

– Absolutt ikkje, men forventning.

«Hvor mye er mest mulig»

User image

"Trinnvis tilnærming der mest mulig kvikksølv heves og vrak tildekkes". Hvor mye er mest mulig, 345 gram?

Ekspertutvalget mener det er uakseptabel risiko å heve vraket på grunn av detonasjonsfaren. Det er feil! Utvalget har benyttet feil kilde. Riktig kilde viser til akseptabel risiko. Det riktige er å heve vraket med sin last, alt annet blir feil.

Rune Birger Nilsen
NTB

Regjeringa vurderer om kvikksølvet i nazi-ubåten ved Fedje kan fjernast

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) og barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) kunngjorde måndag morgon at ein vil følge opp ekspertutvalets konklusjon om å hente opp så mykje som mogleg av kvikksølvet.

Den tyske ubåten blei senka av britane nokon kilometer utanfor Fedje 9. februar 1945. Heile mannskapet på 73 omkom. Ifølge historiske dokument kan ubåten ha frakta 67 tonn kvikksølv.

Vraket på 150 meters djupne blei oppdaga i 2003. I åra etterpå har fleire regjeringar forsøkt å finne ut kva ein skal gjere med det. Det er greia ut ulike løysingar: Å heve vraket, å dekke det til utan å hente ut lasta og å fjerne kvikksølvet før vraket blir dekt til.

Foto: Kystverket
Henrik Hauken, Erlend Kristiansen

Pressetreff om Fedje-ubåten

Like før klokka 08 måndag morgon samla eit 30-tals sjeler seg på Knarvik kai i anledning at fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) og barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) skal fortelja siste nytt om Fedje-ubåten.

Både Fedje-ordførar Stian Herøy (Ap), Alver-ordførar Sara Sekkingstad (Sp) og fylkesordførar Jon Askeland (Sp) er til stades.

Det same er ein gjeng som vil ha heving av ubåten. Det har blant anna blitt lagt ut eit større banner langs kaikanten.

Strilen oppdaterer.

Foto: Erlend Kristiansen
Dei reisande visste nok lite om seansen som skulle gå for seg like bortanfor. Foto: Erlend Kristiansen
Anders Totland

Fedje-ordførar trur på kvikksølv-fjerning

Stian Herøy er optimist og håpar at regjeringa no vil kome med gode nyheiter til Fedje-samfunnet. Foto: Kjell Arne Steinsvik (arkiv)

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) og Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) har kalla inn pressa på måndag for å fortelje kva regjeringa vil gjere med kvikksølvet som ligg i ubåten utanfor Fedje, melder BT søndag.

Eit ekspertutval har tidlegare anbefalt å fjerne den giftige lasten. Det skal vere rundt 67 tonn med kvikksølv i nazi-ubåten, som blei senka av britane i 1945.

Ordførar på Fedje, Stian Herøy er optimist og trur at kvikksølvet no blir fjerna frå havbotn.

– Det har lenge vore snakk om at regjeringa no ville kome med positive nyheiter til Fedje-samfunnet. Signala eg har fått gjer at eg håpar og trur på ei endeleg avklaring, og at avgjerda blir at kvikksølvet hentast opp, seier Herøy til Bergens Tidende.

Foto: Nyhetsgrafikk/NTB
Erlend Nordland Kristiansen

Alver og Skatteetaten har inngått avtale

Ein viktig del av kampen mot arbeidslivskriminalitet er å hindre at useriøse leverandørar får oppdrag. Difor har Alver kommune og Skatteetaten inngått ein avtale som skal førebygge at slike leverandørar får avtalar med kommunen», opplyser Alver kommune i ei melding.

Dei legg til at avtalen gjeld for kommunen som innkjøpar og byggherre.

– Vi ser fram til dette samarbeidet. Det vil styrke kommunen sin kompetanse innan internkontroll, og gi ein tryggleik i at vi gjer det vi kan for å unngå at useriøse leverandørar får avtalar med kommunen. Vi får hjelp frå Skatteetaten og kan tipse dei slik at dei kan gjennomføre kontrollar på byggjeplassar, fortel innkjøpssjef i Alver kommune, Henriette Dale Bråthen.

– I samarbeid med store innkjøparar som kommunane, kan vi bidra til at useriøse leverandørar ikkje får oppdrag. Difor er slike avtalar eit viktig verkemiddel i kampen mot arbeidslivskriminalitet, seier skattekrimsjef Erik Nilsen i Skatteetaten.

Hege Alberta Grøtnes

Lokale sigrar i sveisekonkurranse

Her er alle sveisarane samla, med vinnarane Oliver (midten bak) og Robin (nummer 3. frå venstre.) Foto: Privat

For 13. gong har Mongstad industriar, i samarbeid med Nordhordland næringslag, invitert yrkesfagelevar til det årlege Nordhordlandsmesterskapet i sveising.

I årets konkurranse kjem elevane frå Austrheim, Knarvik, Osterøy og Åsane vidaregåande skuler.

– I konkurransen får dei møte andre elevar og fagpersonar som driv med det same som dei og det kan verke inspirerande, seier Jon Sigurd Lundestad, HMS og HR leiar på Mongstad industriar.

Konkurranse i sveising krev konsentrasjon Foto: Privat

Årets sigrar gjekk til Robin S.L. Helland som går førsteåret på Austreim vidaregåande skule, og Oliver Espeland som går andreåret på Knarvik vidaregåande skule.

– Oppgåvene gjekk ut på grunnleggjande sveisearbeid som dei har lært på skulen, seier Lundestad og til:

– Men det er ikkje først og fremst konkurranseelementet som har fokus. Det vi synest er viktig er at elevane får kome ut for å få litt inspirasjon ved å sjå korleis det er å utøve faget på ein arbeidsplass.

Her mottar Robin premie frå eldssjelene Vivian Kårbø (t.h.) og Oddvar Wergeland (bak) Foto: Privat