I Modalen har ein slått på stortromma og laga til eit flott opplegg i samband med at proffrittet Tour des Fjords kjem innom kommunen torsdag. Både Modalen og Gulen får besøk av sykkelstjerner frå heile verda når dagens etappe svingar innom.

Barneløpet på sykkel på Mo starta klokka 12. 30 born trassa det litt triste gråveret og stilte til start.

Det var til slutt 11 år gamle Hannah som stakk av med sigeren.

Etappen i Tour des Fjords torsdag startar i Brekke klokka 13.20 og ruta går då inn på E39 gjennom Romarheimsdalen og til vegkrysset til Modalen. Her skal syklistane ta av og sykla inn forbi Mo og vidare gjennom tunnelen til Eidslandet og enda opp i Nordheimsund.

– Me har ordna med løyve frå TV2 slik at me kan visa heile etappen på storskjerm her i bygda slik at folk kan følgja heile etappen, og akkurat når dei passerer her så skal me sjølvsagt heia, seier Tormod Surland Våge, som har engasjert seg sterkt for å laga folkefest i Modalen.

Det er ikkje berre dei yngste som skal få trimma seg under sykkelfesten. Dei vaksne skal mellom anna testa seg på ein stafett der stylter er ein av ingrediensane.

PREMIAR: Det vanka sjølvsagt premie på alle deltakarane. Foto: Livar Aksnes

Etter at folk har heia ryttarane gjennom Modalen, kan ein følgja TV2-sendinga frå løpet på storskjerm og ha det kjekt på Mobryggja.