Nokre gongar i året er det spørjetime i samband med kommunestyremøtet i Meland.

I spørjetimen kan innbyggjarar som ønskjer det, få svar på spørsmål. Spørsmål til spørjetimen må sendast inn seinast 48 timar før møtet.

Neste spørjetime skal vera onsdag 14. desember.

Spørsmål til spørjetimen kan sendast inn via epost eller som brev til postmottaket i Meland kommune. Adressa finn du på kommunen sine nettsider.