Ordførarane i Lindås, Meland og Radøy stiller også opp når Bibelen skal lesast frå perm til perm i løpet av 80 timar.

Startskotet går onsdag 16. november kl. 19.00, med finale når Håvard Giezendanner les frå den siste boka i Bibelen, Johannes Openberring, under gudstenesta søndag formiddag. I mellomtida skal det lesast frå Bibelen minutt for minutt.

Godt over hundre personar – unge og eldre frå mange ulike samanhengar, skal i aksjon under bibelmaratonen over nesten fire døgn.

— Flott at så mange stiller opp

— Vi er sjølvsagt svært glade for at så mange stiller opp som tekstlesarar, både dag og natt. Ekstra kjekt er det jo at teatersjef Agnete Haaland, som har sterk tilknyting til Alversund, blir med oss på opninga, seier sokneprest Geir Øy.

Under opningsarrangementet onsdag kveld er også TV2-medarbeidar Kjetil Iden frå Knarvik mellom tekstlesarane, saman med blant andre rektor Kari Espeland Bruvik ved Knarvik vidaregåande skule. Prost Geir Sørebø vil og vera til stades, og det ryktast at han vil lesa Guds ord på hebraisk.

Fem gode grunnar

I løpet av kvelden kan du høyra NLA-professor og styremedlem i Norges Idrettsforbund, Oddvar Johan Jensen gje fem gode grunnar til å lesa Bibelen. Alversund kammerkor vil gleda dei frammøtte med song.

Det skjer mykje undervegs i bibelmaratonen. Kyrkja vil vera open heile døgnet desse dagane, og innimellom lesinga vil det vera ulike programpostar med song og musikk, bibelføredrag og bibelforteljing, og tid til ein prat over ein kopp kaffi og noko å bita i.

Bjarte Leithaug med barnekor i senteret

Torsdag kveld kan du høyra Anne Hilde og Arve Reigstad synga songar med tekstar frå Bibelen. Laurdag blir det bibellesing på gater og torg – i Knarvik senter. Der vil Bjarte Leithaug vera med – vår populære artist og låtskrivar som har arrangert ei rekkje korfestivalar for barn og reist land og strand på barne- og familiekonsertar. Han har sjølvsagt med seg barnekor frå kyrkjelyden på senterscena.

Bibelforestilling og minikonsert

Laurdag kveld blir det også eit spennande møte med Marit Vassli si tolking av bibelforteljinga ”Lukasevangeliet – Jesu liv gjenfortalt”.

Laurdag kveld er klart for bibelforestillinga «Lukasevangeliet – Jesu liv gjenfortalt». Marit Vassli har lært seg heile Lukas-evangeliet og tar turen frå Oslo for å formidla eit utdrag levende Jesus-forteljingar med stor innleving. Bibelforstillinga vert ramma inn av ein minikonsert, og alt som skjer under maratonen er gratis.

Etter 80 timar med bibellesing blir eit innhaldsrikt maratonløp runda av med Johannes Openberring under festgudstenesta i kyrkja søndag formiddag.