Mange tenker nok på parolar og store plakatar når dei tenker på 1. mai. Slik blir det ikkje i år, ei heller ein god gammaldags 1. mai-frukost, som LO Nordhordland pleidd å ha kvart år.

– I år må alle lage si eige 1.mai frukost. Men det blir likevel ein markering av 1. mai i Nordhordland. Tog til og med, skriv leiar i LO Nordhordland, Rune Myntevik i ei melding.

Det digitale arrangementet vil finne stad på 1mai2020.no. Der er det eit kart kor ein kan trykke seg inn på dei ulike, lokale markeringane, om enn i litt utradisjonell form.

Sara Sekkingstad, Øyvind H. Oddekalv og Tove Linnea Brandvik skal halde appellar.