Varselet gjeld frå i morgon (søndag) til måndag. Midtre og indre strok er i følgje varselet venta å bli mest utsett.

Det er meldt 70-110 mm nedbør frå søndag fram til måndag morgon, som regn under 2000 moh.

Stigande temperaturar og mykje vind vil i tillegg føre til stor snøsmelting.

Dei rådar folk om å følgje med på varsom.no.

NVE òg har meldt om fare for flaum på gult nivå for begge fylka, og fare for snøskred på raudt og oransje nivå for fleire av varslingsområda.