– Hendinga er berre ekstremt beklageleg, seier Nilsens manager Jan Fredrik Karlsen til VG.

Fredag melde BA at Kurt Nilsen må betala ei bot på 175.000 kroner, i tillegg til å bli dømt til 16 dagar fengsel på vilkår. Nilsen møtte i tingretten saman med sin manager Jan Fredrk Karlsen, kor artisten vedtok dommen.

Førelegget i slike saker blir vanlegvis gitt tilsvarande halvannan brutto månadsløn.

Ville spela golf

Han stadfester overfor avisa at Idol-vinnaren blei tatt i ein promillekontroll i nærleiken av Meland golfklubb 11. juli i fjor. No må artisten kanskje klara seg utan førarkort i eitt år.

– Det er ei erfaring som aldri skulle skjedd. Kurt blei litt for ivrig til å setja seg i bilen dagen derpå for å spela golf. Det finst ingen unnskyldning i det heile, for det er berre beklageleg og flaut, seier han vidare.

La seg flat

Musikaren, som tidlegare har budd i Arna, skal ha erkjent alt på staden og lagt seg flat i møte med politiet.

– Dette er dessverre ei typisk dagen derpå-hending, seier Karlsen til Nettavisen.

Promillen er ikkje kjent, men den skal ikkje ha vore høgare enn at saka kan bli avgjort i ei såkalla einedommarsak.