Reiarlaget Norled melde i formiddag at ferjesambandet Sævrøy - Fedje vart midlertidig innstilt på grunn av tekniske problem med ferja MF «Utne». Det vart frå 15-tida sett inn ein skyssbåt på sambandet.

Snart i rute

– Eg har nettopp snakka med ferja. Dei hadde fått eit tau i propellen, men det er fjerna no. Så no skal dei testa og sjå at alt er i orden. Me reknar med å vera i rute frå klokka 17, seier regionssjef for ferjer i Norled, Inge Andre Utåker.

Og MF «Utne» var frå klokka 17 i rute igjen. Inntil då hadde skyssbåten gått i ruta til ferja.

Oppdretts-tau?

– Det er med høg sannsynlegheit eit tau for oppdrettsanlegg. Dei kjende det igjen, det er den typen og dimensjonen som oppdrettsanlegg brukar.

Utåker er ikkje imponert.

– Dei held ikkje orden på utstyret og det er ein fare for skipsfarten.

Tauet førte til ein «bråstopp i eine enden» forklarar Utåker, men at ferja kom seg trygt til kai på veg inn til Fedje.

Vedlikehald

Vanlegvis er det MF «Fedjefjord» som trafikkerer sambandet, men denne er på årleg vedlikehald i Bergen. Der skal den ferja blant anna bytta propellanlegget. I november i fjor gjekk MF «Fedjefjord» på grunn, slik at passasjerar måtte komma seg i livbåtane.

MF «Fedjefjord» har vore på vedlikehald i to veker. Når den er klar att vil den igjen gå inn igjen på Fedje-ruta.

VEDLIKEHALD: For tida er MF «Fedjefjord» på tørrdokk på Damsgård i Bergen under det årlege vedlikehaldet. Foto: MarineTraffic.com