– Det er jo ein del verdi i slike kjettingar, og her ser det ut som om heile kjettingrigget har ramla av eit større kjøretøy, seier Kurt Inge Hordvik i Nordhordland lensmannsdistrikt.

I 11-tida i går fekk dei melding om at det låg ein «god del» kjetting i vegbana på Nordhordlandsbrua, akkurat der brua kjem i land på Flatøy.

Ein politipatrulje rykka ut for å fjerna dei, slik at dei ikkje skulle skapa farlege situasjonar i trafikken.

Hordvik seier at det ser ut som om kjettingane har ramla av ein Scania-bil, og det har truleg skjedd utan at sjåføren har merka noko som helst.

– Me vil gjerne ha hjelp til å finna eigaren. Ikkje fordi han har gjort noko straffbart, for det har han ikkje.

Politiet vil levera kjettingane tilbake, slik at sjåføren får dei att før han treng dei neste gong.