Ein barnehagetilsett ved Leiketun barnehage i Meland blei treft av eit skot i foten like etter klokka 12.40 fredag ettermiddag, melder Vest politidistrikt.

Saka vart først omtalt på Vg.no

Jakta kråker

Den tilsette var på ein tur i følgje med borna.

– Me har vore på staden og avhøyrt dei involverte. Jegaren jakta etter kråker med eit salonggevær. På eit eller anna vis har kula kome på avveie, seier operasjonsleiar Lars Geitle i Vest politidistrikt.

– Forferdeleg uheldig

Pedagogisk leiar Marit Jøssang i barnehagen beskriv hendinga som forferdeleg uheldig. Dei tilsette i barnehagen fekk borna bort med ein gong, og fleire av dei skal ikkje ha fått med seg kva som føregjekk.

– Dei vaksne var rolige og gjorde akkurat det dei skulle. Det gjekk heldigvis bra, men det er jo ikkje noko slikt ein ønskjer skal skje, seier Jøssang til VG.

No blir det opp til politijuristane om det blir eventuelle straffereaksjonar på skotet frå jegaren.