Det er ikkje ofte det er god skøyteis på Vestlandet, anna enn på kunstisbaner som Slåtthaug i Fana.

Men denne vinteren har det takka vera god dugnadsinnsats vore fleire rundar med skøyteis både på Frekhaug og i Knarvik. Med kuldegradene som kom denne veka vart det på rekordtid lagt skøyteis på grusbana nord for Nordhordlandshallen i Knarvik, og på dagen onsdag var det fleire som visste å ta bana i bruk.

Kommunen sine tilsette brøyta vekk snøen og har vatna på dagtid, og så har ismesteren frå Frekhaug Atle Bergseth saman med lokale isentusiastar vatna på kvelden.

For alle skøytebaner gjeld regelen om å ikkje gå med sko på isen, for å unngå å ta med seg mykje grus inn på isen. Og må ein innpå isen med sko eller støvlar så pass på å banka av småsteinane først.