Det er snart jul. Tida då me skal vera med familien. Slappe av. Kose oss med god mat og enda bedre selskap.

Det er ikkje alle som er like heldig. Nokon er einsam. Kanskje har ein nett kome til Norge og er nyfiken på korleis me feirar jul. Andre er kanskje langt unna familien.

– Me gjer dette fordi behovet aukar kvart einaste år. Då me i fjor pakka inn julegåvene og matkassane, tenkte me på dei som ikkje har nokon å feira med, seier Sissel Monsen.

Dottera, Silje Monsen-Norgård, nikkar samstemd.

– Me som pakker gåver har eit unikt samhald. Det er det ikkje alle som får oppleve i jula. Derfor gjer me dette.

Saknar nissedrakt

Det blir ein tradisjonsrik jul. Alt er med. Pinnekjøt, ribbe, risgraut og julenisse.

– Har me juletre?, seier Silje spørjande.

Sissel tenkar seg om. Det er mykje som skal gjerast klar no i siste liten.

– Ja, det einaste me manglar er ein nissedrakt. Me har mannen, men manglar drakta, seier Sissel, i håp om at nokon har ein drakt dei kan låne bort.

Stadig fattigare

Det er snart jul og gjevargleda er stor. Det har Røde Kors merka. Julefesten finansieres med midlar som Røde Kors har motteke i julegåveaksjonen. Sjølv om finansieringa er på plass, meiner Sissel at politikarane kan gjera meir.

– Bornefamiliar vert fattigare og fattigare kvart einaste år. Samstundes vert alt dyrare og dyrare. Det syns eg er heilt forferdelig.

Plass til alle

28 familiar er påmeld til julegåveaksjonen. Det er ny rekord. Av dei er 63 born. På julefesten har over 20 meldt seg på.

– Mange vel, i den travle kvardagen, å sjå forbi. Dei veit at det fins der ute, men dei forsøke å fornekta da. Dei veit så inderleg godt at det er menneske som ikkje har så god kontakt med nokon. Eller som sit aleine. Om du er ung, gamal eller frå eit anna land. Det spelar ingen rolle. Me har plass til alle.