Over 2 000 var utan straum første nyttårsdag

Mange mista straumen inn i det nye året.

Publisert:

OMFATTANDE: Slik såg BKKs kart ut første nyttårsdag. Det viser abonnentar/område som var utan straum. Foto: BKK.no/skjermdump

  • Kristina Bøland
Denne artikkelen er over ett år gammel

Men ved starten på onsdagen, eller andre nyttårsdag, var det berre eit par ting å melda etter uvêret som herja inn i det nye året.

  • Ifølge BKKs feilmeldingsside er det berre nokre få abonnentar i Masfjorden som ventar på å få straumen att pr. klokka 8.15. Forventa innkopling var innan klokka 12.
  • På vegnettet var to vegar stengt onsdags morgon. Fylkesveg 390 Vassbygdvegen i Lindås er stengt på grunna av tre som hadde ramla over vegen første nyttårsdag. Det var også ein rotvelt på fylkesveg 244 ved Klarabrekko i Meland. Pr klokka 09 var begge vegane opna igjen ifølge vegvesenet sitt trafikkart.

Alt av mannskapar ute

Verre var det første nyttårsdag der over 4 000 husstandar i fylket var utan straum, ifølge BKK sine nettsider. Over 2 000 av dei heldt til i Nordhordland.

– Me har alt av mannskap ute, men det er endå krevjande tilhøve med sterk vind, seier BKK.

Grunna uvêret var over 1 100 kundar råka av straumbrot i Lindås, over 400 i Masfjorden og over 600 i Gulen. Det viste BKK sitt straumkart klokka 12.30 tysdag.

– Det er kraftig vind som har forårsaka mykje straumbrot, mange av dei nye straumbrota har komme til Masfjord og Gulen, der er vinden sterkast akkurat no, sa kommunikasjonsrådgjevar i BKK, Jarle Hodne.

NYTT RAS: Raset onsdag, skjedde på ein stad der det har rasa før. Dette bildet vart tatt onsdag føremiddag då vegen igjen var rydda. Foto: Anne-Lise Nordpoll

Stengt veg

Når det gjaldt Vassbygdvegen var det ifølge Vegtrafikksentralen fleire tre som hadde ramla ut over vegen.

– Me har alt av mannskapar ute, men det er endå krevande tilhøve med sterk vind, og me må ivareta tryggleiken òg, seier Hodne.

Vegvesenet melder også at fylkesveg 381 i Stordalen (ved Fossen) i Masfjorden kan bli stengt i periodar inntil to timar i tidsrommet 2. til 18. januar. Det gjeld mellom klokka 07 og 19. Grunnen er vegarbeid i området, men utrykkingskjøretøy kan passera.

I kartet under kan du sjå trafikkbildet i Nordhordland og Gulen. Grønt betyr at trafikken flyter fint, raudt betyr kø.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Berre èin søkte på jobben som psykolog

  2. «Costa del Tosca» har fått nytt bryggjeanlegg

  3. 17-åring køyrde utfor med traktor i Masfjorden

  4. – Dette blir eit supert tilbod for barn og unge

  5. Bente flyttar utstillingane heim i hagen

  6. Dette blei prisen for Fensfjordbygget

  1. Gulen
  2. Masfjorden
  3. Lindås
  4. Ekstremvær
  5. Strømbrudd