Klokka 23:14 måndag kveld fekk brannvesenet inn melding om brann på eit bad i ein einebustad på Hjelten på Flatøy.

Dei rykte ut med mannskap både frå Nordhordland brann og redning og Åsane brannstasjon.

– Dei gjekk inn med røykdykkarar og fekk kontroll på brannen veldig fort, opplyser fungerande vaktkommandør i 110 Hordaland, Glenn Hamre.

Brannen skal ha starta i ei vifte på badet. Brannen hadde ikkje spreidd seg frå badet då brannvesenet kom til bustaden.

Hamre er usikker på skadane og kor mange som var i bustaden då brannen starta.

– Dei kom seg alle ut av bustaden fort, så det var ingen personskadar, seier han.