Torsdag melde Vest politidistrikt at KNM Olav Tryggvason har gjort funn i Fensfjorden.

Rongevær

Fritidsbåten blei tysdag funnen på havbotnen i eit område ved Rongevær i Austrheim kommune. Vraket ligg på over 70 meters djup.

Politiet skreiv i pressemeldinga om at dei starta arbeidet med å undersøke om Sjøforsvaret sitt funn kunne vere same båt som forsvann november i fjor.

Litt seinare på dagen kom det nye opplysningar frå politiet.

– Eg kan bekrefta at det er båten til den sakna Jan Rydheim, sa lensmann Kjell-Idar Vangberg til BT.

Kona skal då ha bekrefta at eigedelar om bord i båten stamma frå mannen sin båt.

Jan Rydheim blei meldt sakna 23. november 2018, då han åleine kjørte ein fritidsbåt frå Sandnessjøen på veg til Bergen. Rydheim er ikkje funnen endå.

Funnen under trening

– Sjøforsvaret hadde trening i området og fann båten på 70 meters djup i eit område som me ikkje har hatt mogelegheit til å sjekke, fortel Kjell Idar Vangberg, lensmann i Nordhordland, til Strilen.

No vil politiet vurdere om båten skal bli heva.

– Først må me prøve å finne ut om sakna er i båten. Om han ikkje er det, vil det bli gjort ytterlegare søk i området, seier lensmannen.