20 år etter «Lindås-drapet» hevdar forsvararen at klienten blei uskuldig dømt

Det er 21 år sidan ein mann brutalt blei avretta i Gjervik i Lindås, i det som nasjonalt fekk namnet «Lindås-drapet». Den tidlegare forsvarsadvokaten Odd Arild Drevland meiner framleis klienten hans blei uskuldig dømt for drapet.

Publisert:
  1. Drap
  2. Lindås
  3. Podcast
  4. Etterforskning
  • Henrik Rambjør Hauken
  • Denne saka blei først publisert i desember 2019

21. juni 1999. Eit ungt par i 20-åra er ute på kveldstur. Mannen høyrer til i nærleiken og kjenner området godt. Nede ved steinrøysene, ved sjøen, kan dei skimte ein person. Synet som møter dei når dei kjem nærare, er ikkje pent. Ein livlaus kropp, med klede som ikkje er eigna for skog og mark, ligg der. Mannen er skoten i ansiktet.

Lindås og Meland lensmannskontor var ikkje vane med slike saker.

Drap i seg sjølv er ikkje dagleg kost i ein liten kommune. Dei fekk difor ekstra hjelp frå både Hordaland politikontor, nabokommunar og Kripos. Rundt 20 personar jobba med saka.

Politiet var tidleg sikre på at dette handla om eit drap.

Narkotikamiljø

Den 37 år gamle IT-konsulenten ved Hospitalet Betanien i Fyllingsdalen, Yngve Elvik, skulle på ein ekstrajobb denne kvelden, men ingen har sett han sidan 22:30. Den siste telefonsamtalen fann stad 22:56.

Elvik hadde tung narkotikabakgrunn, og blei i 1992 dømt for innførsle av større mengder hasj. Den gongen fekk han mildare straff sidan han samarbeidde med politiet.

Den gamle saka skulle vise seg å vere viktig for skuldspørsmålet seinare.

– Det var denne kontakten, at Elvik skulle ha tysta den gong, som tydde på at klienten min, Truls Guttormsen, skulle ha noko med drapet å gjere. At hemn skulle vere motivet, seier den tidlegare forsvarsadvokaten Odd Arild Drevland til Strilen.

Odd A. Drevland er sikker på at klienten sin, Truls Guttormsen, blei uskuldig dømt. Foto: Henrik Hauken

– Uskuldig dømt

Drevland er klokkeklar på at Guttormsen blei uskuldig dømt. Saka gjorde sterkt inntrykk på den rutinerte tidlegare forsvarsadvokaten.

– Dette er ei sak eg vil ta med meg i grava. Det å ha tru på systemet, at vi har ei sak der ein kan bli «dømt på indisiar», på eit så sviktande grunnlag, skal ikkje kunne skje.

Det er eit ordtak som seier at «Det er betre at 99 skuldige går fri, enn at ein uskuldig blir dømt».

– Dette seier vi i festtalar, men i realiteten er det berre pisspreik. Det blir lagt prestisje i å få folk dømde. Koste kva det koste vil. Det er ganske tøft, sukkar Drevland oppgitt.

Drevland meiner saka føyer seg inn rekka av justismord han har vore vitne til i sin advokatkarriere.

– Eg er sikker på at klienten min blei uskuldig dømt. I denne saka var det ikkje grunnlag for å påstå overlagt drap med eit hemnmotiv. Alle vener, familie på begge sider og andre som var inne, sa det ikkje var snakk om frykt frå den avdøde. Det hadde i tillegg vore talentlaus timing om Guttormsen skulle ha planlagt det.

Spørsmål om truverd

Drevland vedgår at klienten hans ikkje er Guds beste barn, og at han både før og etter dommen har vore tungt inne i narkotikaverksemd.

Men i denne saka synest Drevland det var ein del som ikkje stemte. For det første skal dei ha skværa opp i 1998, berre eitt år før drapet skjedde.

– Om dette var eit planlagt drap, var det dårleg planlagt. Dei fleste vil beskrive Guttormsen som ein intelligent person. Han var ikkje særleg skuleflink, men fullførte jo nesten siviløkonomistudiet frå fengselet. Så om det var planlagt, ville han neppe ha brukt mobil så mykje.

Det heile blei eit spørsmål om truverd. Og når Guttormsen ikkje snakka sant frå første avhøyr, var truverda hans ikkje til å stole på.

– Guttormsen vedgjekk at han var den som hadde sist kontakt med Elvik. Klokka 22:56 var det det siste telefoninnslaget, der det var kontakt. Det var eit klart spor som låg der. Etter første forklaring hevda Guttormsen at han gløymde telefonen igjen i bilen, noko han seinare gjekk tilbake på.

Leif Vidar-bil og telefonbevis

Guttormsen selde pølser på Voss Cup denne søndagen, men det var noko gale med bodplassen. Han køyrde difor tilbake til Bergen for å fikse denne, sidan han også skulle til Trondheim dagen etterpå. På veg ned møter han Elvik, for å kjøpe noko hasj. Dette var siste gong ein person vedgår å ha sett Elvik.

– Kvifor skulle Guttormsen ha planlagt eit drap i denne stressa, uoversiktlege situasjonen? Det gav inga meining at det skulle vore overlagt. I tillegg er jo Leif Vidar-bilen (pølsebilen, red. anm) han køyrde, ganske så lett å identifisere, så det heile gav inga meining.

Det var ikkje nokon konkrete bevis på åstaden, men politiet hadde telefonbevis som tilsa at Guttormsen var i Modalen like etter drapet. Dette tidsaspektet, meiner Drevland, forsvarer klienten hans.

– Bare gangvegen frå der liket blei funne var det 7–8 minutt å gå. Det var nedbørsrekord i Bergen rundt den kvelden. Skulle dette ha skjedd, må han omtrent ha gått ned der, gjennomført drapet og reist tilbake på eit kvarter. Vi hadde telefonbevis frå Modalen 00:30. Då måtte drapet ha skjedd før midnatt. Det var nærast umogleg.

Drevland hugsar godt no, og er ikkje nådig.

– Det var også vitne som melde om ein del trafikk til og frå kaien. I tillegg til at ein person høyrde skot etter klokka tolv.

Slik såg forsidene til Strilen ut like etter drapet. Strilen var første mediet på staden. Foto: Arkiv

Tragedien

Guttormsen blei i Nordhordland tingrett dømt til 17 års fengsel for overlagt drap. I lagmannsretten blei dommen oppjustert til 18 år.

Men Guttormsen ville framleis ikkje snakke.

For han var kodeksen om å ikkje vere ein tystar, viktigare enn at han blei stempla som ein drapsmann.

I 2004, på ein av dei første permisjonane, rømte Guttormsen. Han påstod at ein tredjeperson hadde forsøkt å skyte ham. Så han levde i skjul i Nederland og Belgia til han blei tatt i 2005. Nok ein gong var han involvert i ei narkotikasak.

– Det er ikkje tvil om at Guttormsen var ein tung kriminell, og at han var involvert i saker som summert sett kunne ha fått like lang straff som ein drapsdom. Men han synest det var tøft å sitte inne for eit drap han ikkje hadde gjort. Han hadde også ein del truslar frå andre innsette.

Ein dag klarte ikkje Guttormsen meir. Han tok sitt eige liv i cella 21. februar 2005.

– Han etterlet ein del papir til meg og privatetterforskar Ola Thune, familien og andre – der han beklaga situasjonen. Han følte seg svikta av venene sine. Kvifor vedgjekk han ikkje drapet før han tok sitt eige liv, om han var skuldig?

Her får du ei oppsummerande oversikt over kva som skjedde dei siste timane den brutale drapskvelden, basert på vitneutsagn frå Guttormsen, og data politiet har. 

Hendingane på Gjervik:
  • av Henrik Hauken
    DEL

    Eit ungt par finn Elvik, liggande nede ved kaien. Han er skoten i andletet. 

  • av Henrik Hauken
    DEL

    Politiet sporer Guttormsen sin telefon til Modalen. 

  • av Henrik Hauken
    DEL

    Yngve Elvik blir brutalt avretta på Gjervik Kai. 

  • av Henrik Hauken
    DEL

    Guttormsen slår på tråden til Elvik. Dette er siste gong Elvik gir lyd frå seg. 

  • av Henrik Hauken
    DEL

    Guttormsen påstår han møter ein person på Hegreneset for å kjøpe hasj. Basert på data frå porten på lagerbygningen, må møtet ha funnen stad ca 22:45. 

  • av Henrik Hauken
    DEL

    Guttormsen blir, saman med ein tredjeperson (som ikkje blei tiltalt), observert ved eit lager i Sandviken. Her skal han ha henta ut hagla, som seinare blei brukt til drapet. 

  • av Henrik Hauken
    DEL

    Yngve Elvik skulle på jobb i Fyllingsdalen. Han drog heimefrå 22:30. Dette er siste gong han blei sett i livet. 

Sikker på at riktig mann blei dømt

Saka har også gitt sterke inntrykk på tidlegare statsadvokat Walter Wangberg, som prosederte saka mot Guttormsen.

– Det er slik at nokon saker skil seg ut. For meg, 20 år etterpå, er denne saka ei av dei. Det var eit veldig brutalt drap, i tillegg til dei påfølgande konsekvensane, med at han tok livet sitt i cella.

Wangberg er ikkje i tvil om at riktig mann blei dømt.

– Ein aktor skal aldri påstå domfelling utan å vere sikker, men det er klart at ein kan bli meir i tvil fram til hovudforhandlinga, eller under hovudforhandlinga. Eg gjekk to rundar med denne saka, og eg er sikker på at vi tok riktig mann.

Tidlegare statsadvokat Walter Wangberg meiner at riktig mann blei tatt. Foto: Henrik Hauken

Wangberg meiner det er ganske så sterke bevis mot Guttormsen.

– For det første har du historia. Han har vore i nærleiken, og saman med dei involverte. Både han og den avdøde var dømde i same sak, og dei hadde ein konflikt før drapet om narkotika. I tillegg har du andre bevis som mobilar, passeringar og vitneutsegn. Vi hadde ei god oversikt, frå vitne til telefonbevisa vi hadde.

I tillegg har du truverd. Guttormsen kom opp med ei historie for å bortforklare telefonbeviset frå Modalen, om at topografien i området kunne ha gjort at mobilen hans slo inn.

– Den tiltalte prøvde seg først på at han hadde mista mobilen sin, men det fann vi usannsynleg. Han kom også med ei historie om at han hadde tatt ein avstikkar frå Dale til Modalen for å hente hasj, men at han ikkje hadde fått kjøpt. Han fekk klare spørsmål om kven han hadde besøkt, og kor han budde. Det ville han ikkje svare på. Han ville altså ikkje oppgi ein person, sjølv om han blei tiltalt – og seinare dømt – for drap.

Så var det vitneutsegn.

– Han skal ha henta ut eit våpen i Sandviken. Eit vitne skal ha sett han der.

– Burde tatt ut tiltale mot ein til

Sjølv om Wangberg er sikker på at riktig mann blei dømt, skulle han gjerne sett ein person til på tiltalebenken.

– Etter å ha gjennomført prosessen i tingretten, meiner eg at det burde ha vore tatt ut tiltale mot ein person til. Så om eg skal snakke om tvil, så er det at ein til skulle vore tiltalt. Dette ville jo statsadvokaten, medan riksadvokaten berre ville ta ut tiltale mot ein person.

– Var drapet overlagt?

– Dei hadde begge strenge narkotikastraffer, og hadde ein konflikt kort tid før drapet. I tillegg tyder avrettingsmetoden, at han var slegen med stein så han blei bevisstlaus, på at det var overlagt. Og skotet var jo brutalt nok i seg sjølv.

Ny narkosak årsaka til dødsfallet?

Det at drapet skulle ha vore overlagt, er ikkje Drevland samd med.

– Det at det var brukt leirdueammunisjon, tyder på at det ikkje var overlagt. Her tok politiet eit tydeleg val, med hemn som motiv. Dei var lite lydhøyre for andre tenkelege scenarier. Vi stilte også opp med eit vitne som skal ha møtt Guttormsen på Hegreneset. Han blei innkalla til avhøyr, men dei tok han ikkje alvorleg. Dei var kun interesserte i bevis som kunne styrke mistanke mot Guttormsen, hevdar Drevland.

Drevland synest det er synd politiet ikkje tok personen på Hegreneset alvorleg.

– Med tanke på data frå når porten opna og lukka seg, måtte møtet ha vore etter klokka 22:45, noko som gjer at tidslinja til politiet ikkje går opp.

Han har ei klar meining om kva som skjedde den kvelden.

– Det var eit narkotikaopplegg som gjekk skeis denne kvelden, ikkje at det var ei likvidering av ein tystar med bakgrunn av ei åtte år gamal narkotikasak. Det var ikkje det som skjedde den kvelden.

Drevland seier at det skal ha vore snakk om eit narkotikaopplegg på Hegreneset, med heroin. Og at det er denne handelen han frykter har gått galt.

– Guttormsen var ikkje Guds beste barn, og det er nok ein del ting han kanskje burde blitt dømt for – ikkje minst når det gjeld narkotika. Men han hadde ikkje fortent å gå i grava som drapsmann.

Dåverande lensmann i Nordhordland lensmannsdistrikt, Einar Vatne, ser på denne saka som ferdig og ønskte ikkje å stille til intervju.

– Den er godt belyst, og det blei ein dom. Så den saka er eg ferdig med, seier han til Strilen.

Strilen har også, i ein lengre periode, forsøkt å få tilgang til etterforskingsmaterialet. Etter at Vest politidistrikt omsider hadde behandla saka, blei vi viste vidare til Riksantikvaren. Vi har ikkje høyrt noko frå dei.

Det var her drapet skjedde for 20 år sidan. Slik ser det ut 20 år etter. Foto: Kjell Arne Steinsvik

Les også

  1. Tiltalt for truslar: «Eg har bestemt meg for å drepe deg»

  2. Trua med å drepe kvinne og sambuar

Mest lest akkurat nå

  1. Tett trafikk: – Ein del som tar langhelg

  2. Her er 17. mai-feiringa alt i gang

  3. Huset til Thomas og Camilla har ei sprekke tvers gjennom. Dei er ikkje dei einaste i bygda som slit med dette

  4. Ulykke på E39: – Store materielle skadar

  5. Slik ser årets lokale 17. mai-program ut

  6. Blomsterverkstad opna på Lindås