Dette vart klart etter eit møte i Ap si stortingsgruppe onsdag kveld.

Per i dag vert vindkraftutbygging vurdert ut frå Energilova, medan det meste anna utbygging av areal enten det er vegutbygging eller bygging av oppdrettsanlegg vert tatt gjennom Plan- og bygningslova.

– Når noko vert behandla gjennom Energilova, er kommunane berre ein av mange høyringspartar. Men når saker vert behandla gjennom Plan- og bygningslova er det kommunane som er reguleringsmyndigheit. Det er altså ein stor skilnad, seier Oddekalv til Strilen.

Øyvind Oddekalv i Alver Ap synest det er svært gledeleg at Ap si stortingsgruppe vil gå inn for ei endring i korleis saker om vindkraftutbygging skal handsamast. Foto: Anne-Lise Nordpoll

Mange, spesielt dei som er kritisk til vindkraftutbygging, har argumentert for at kommunane bør ha større makt i denne type saker.

– Når Ap har landa på dette standpunktet, og SV, Sp og Frp tidlegare har sagt at dei er for ei endring, så betyr det i praksis at det skal vera fleirtal for dette i komitehandsaminga Stortinget, seier Oddekalv i Alver Ap.

– Dette er ei gladnyheit, slår han fast.

Når saka kjem til votering på Stortinget er det også sannsynleg at flere parti enn AP, SV, Sp og FrP, vil stemma for at vindkraftutbygging bør handsamast etter Plan- og bygningsloven.