8. mai er ikkje berre frigjeringsdagen, men også Røde Kors-dagen.

I år vil Røde kors har ekstra fokus på personleg beredskap. Ein av dei enklaste og mest effektive måtane å auke sin eigen beredskap på, er å ha oppdaterte førstehjelpskunnskapar.

Difor inviterer lokalforeiningane i Røde Kors i Hordaland til 100 gratis førstehjelpskurs.

Førstehjelpskunnskap er ferskvare, og kan bety forskjellen på liv og død når ulukka rammar.

Betre rusta

Kursa er for privatpersonar som ønskjer å vere betre rusta i ein uønskt situasjon, og ein kan allereie no melde seg på.

– Mange av oss vil i løpet av livet komme opp i ein situasjon der me treng førstehjelpskunnskapar. Det kan vere større og mindre ulukker, akutt sjukdom, større beredskapshendingar eller andre ting. Nordmenn flest er flinke til å hjelpe i slike situasjonar, men forskinga viser at dei som nyleg har teke førstehjelpskurs, gjer det langt betre enn dei som ikkje har det, seier distriktsstyreleiar i Hordaland Røde Kors, Nirmathan Tharmalingam.

Forskjell

Ei undersøking Røde Kors har gjort viser at under halvparten av oss har teke eit førstehjelpskurs i løpet av dei to siste åra.

Distriktsstyreleiar i Hordaland Røde Kors, Nirmathan Tharmalingam. Foto: Røde kors

Røde Kors skal halde kurs frå Nordhordland til Etne, og frå Bømlo til Eidfjord, så alle hordalendingar skal ha moglegheita til å finne eit kurs nær seg. Kursa er på tre timar og gir kunnskapar i livreddande førstehjelp med pasientundersøking, frie luftvegar, sideleie og hjarte- lungeredning. Ein får kursbevis for bestått kurs.

Det vil vere kurs fleire stadar i Hordaland kvar dag mellom 2. og 11.mai.