Ved 11.40-tida tysdag melde politiet på Twitter at ein lastebil hadde mista hjulet på Vågseidet.

– Lastebilen står litt kinkik til i vegbanen, like etter Lyngfjelltunnelen, fortaldeoperasjonsleiar Marit Rosenlund Espevoll i Vest politidistrikt.

Sjåføren har sjølv tatt initiativ til å dirigera trafikken.

– Det blir litt kø i og med at det er ein del tungtrafikk på staden. Politiet er på veg for å hjelpa til med det trafikale, og for å finna ut akkurat kva som har skjedd, seier Rosenlund Espevoll.