I Kolåsfeltet på Lindås reagerer fleire naboar på at dei har fått nynazistisk reklame i postkassen.

Ein Strilen har snakka med seier han kasta det første programmet han fekk. Den var ei oppmoding til folk om å møte til ein demonstrasjon i Stockholm som fann stad for to veker sidan. Det er organisasjonen Nordfront som står bak. I Stockholm hadde Nordfront ein demonstrasjon mot det dei kalla innvandringsinvasjonen.

Postkassa

— Tidlegare i haust kom ein seddel på norsk, med oppfordring om å stilla på den aksjonen som var i Stockholm. Desse blei lagt i fleire postkassar og aviskassar for ei veke eller to sidan.

Han sjølv har ikkje gått på nett for å sjå for kva for ei side Nordfront er fordi han ikkje vil assosierast på nokon måte med bodskapen han har fått i postkassa, og synest det er ubehageleg å få slikt.

Høgreekstrem

Frihetskamp heiter organisasjonen i Norge, som er den norske utgåva av Nordfront. På nettsida står det mellom anna at dei "umiddelbart vil stoppe masseinnvandringa. Repatrieringa av majoriteten av alle som ikkje er etniske nordeuropearar eller nærbeslekta folkeslag skal innleiast så fort som muleg" og "med alle tilgjengelige midlar, på lang sikt, arbeide for å ta tilbake makta frå den globale sionistiske eliten som økonomisk og reint militært har okkupert større delar av vår verd."

Lensmann i Nordhordland Kjell-Idar Vangberg seier han ikkje har hørt noko om dette no.

— Vi er kjende med problematikken, seier han.

Felles stat

Organisasjonen Friheitskamp ønskjer å samle alle dei nordiske landa til ein sjølvforsørgjande stat med felles forsvar, valuta og sentralbank, men felles lover. Det inneber òg at dei forlét Nato, EØS og andre liknande "folkefiendtlige samanslutningar".

Gruppa blir rekna som ei av dei mest høgreekstreme gruppene i Norden.