Heile yrkeskarrieren til seksbarnsfar Asbjørn Larsen, frå Landsvik på Holsnøy, har vore på sjøen. – Eg saknar tida på arbeid i lag med gode kollegaar. Det saknar eg enormt mykje, seier han. Alle foto: Anders Totland.

Asbjørn svevde mellom liv og død: – «Dæven døtte», dette skal ikkje knekke meg

– For Gud og maskinistar er ingenting umogleg, stråler Asbjørn på bød’n heime på Io. Men rosenraudt har det ikkje alltid vore. Livet tok ei dramatisk vending seinsommaren 2015.