Det blei i 2021 oppretta 331 trafikksaker i Nordhordland og 48 av dei gjaldt personar som køyrde i påverka tilstand, anten ruskøyring eller fyllekøyring.

Det viser tal Strilen har fått innsyn i av politiet.

Same år var det ti trafikkulykker i Nordhordland der føraren blei mistenkt for køyring i ruspåverka tilstand.

Får mange meldingar frå publikum

Straffesaksansvarlig ved Nordhordland politistasjonsdistrikt, Glenn Ulrik Våge, fortel at det ofte er meldingar frå publikum som gjer at dei får mistanke om ruskøyring.

Glenn Ulrik Våge, straffesaksansvarlig ved Nordhordland politistasjonsdistrikt. Foto: Arkivfoto

– Vi får ein del meldingar om merkeleg køyring i løpet av eit år. Ein del av desse blir stoppa og kontrollerte av politiet utan vidare reaksjon. Enkelte meldingar blir beklagelegvis ikkje følgde opp då patruljen er opptatt med andre oppdrag, fortel Våge.

– Samtidig så får politiet meldingar av publikum som viser seg å stemma, der det blir oppretta sak.

Ruskøyringane som førte til ulykker

Totalt dei siste tre åra, sidan 1. januar 2019, har politiet registrert 122 saker som gjaldt rus- eller fyllekøyring i regionen. Seks av desse førte til ulykke med personskade. 16 av dei førte til uhell eller ulykke der det blei materielle skadar.

– Trur du det er store mørketal på ruskøyringar i Nordhordland?

– Ja, det trur eg vi kan seie at det er. Det er mykje trafikk på vegane i Nordhordland, og ikkje alle blir kontrollerte. Det var ti trafikkulykker i 2021 der førar var mistenkt for ruspåverka tilstand, og ein kan stille seg spørsmålet om desse ville ha blitt oppdaga om det ikkje hadde oppstått ei ulykke, seier Våge.

Her blei dei tatt

Tilbake til dei 48 promillesakene politiet hadde i fjor. Her blei førarane tatt:

  • Alverstraumen: 2

  • Alversund: 2

  • Austrheim: 1

  • Bøvågen: 1

  • Flatøy: 2

  • Frekhaug: 5

  • Hjelmås: 2

  • Haugsvær: 1

  • Isdalstø: 5

  • Lindås: 4

  • Manger: 2

  • Masfjordnes: 1

  • Mastrevik: 1

  • Modalen: 1

  • Ostereidet: 3

  • Seim: 3

  • Sletta: 3

  • Vågseidet: 3

Det blei ikkje registrert ruskøyringssaker i Fedje og Gulen.

Dei få som ikkje er med i oversikta over er saker som har skjedd andre stader i Vest politidistrikt, men er etterforska av politiet i Nordhordland fordi føraren for eksempel bur i regionen.