SISTE: Klokka 12.34 melder Norled at sambandet er i gang igjen med ca. 20 minutts forseinking. Det er forventa normalt drift frå klokka 14.40.

«Sambandet er innstilt inntil videre grunnet tekniske problem» melde Norled i 12-tida om ferjesambandet mellom Fedje og Sævrøy.

Det er MF «Fedjefjord» som trafikkerer strekninga, og denne låg ei stund til kai på Fedje.

Sambandet vart også innstilt for ti dagar sidan då MF «Utne» fekk eit tau i propellen. Då vart det sett opp skyssbåt inntil ferja var klar til drift igjen.

– Uansett kven som har vore eigar av tauverket, er denne typen avfall i sjøen ein fare for skipsfarten i tillegg til å vere eit miljøproblem, uttalte Inge Andre Utåker i Norled i etterkant.

Denne gongen var det altså MF «Fedjefjord» som har fått problem. Den har nyleg komme att på sambandet etter å ha vore på årleg vedlikehald i Bergen.

Strilen har prøvd å få kommentar frå Norled i formiddag - utan å lykkast så langt.