I går kveld etterlyste Hovudredningssentralen i Sør-Norge ein fritidsbåt på strekninga mellom Radøy og Stord.

Søndag morgon melde Hovudredningssentralen i Sør-Norge til BT at båten er funnen, og at føraren er i god behald.

Ifølgje Hovudredningssentralen fekk føraren motorstopp og ankra opp 500 meter frå heimen på Radøy. Han vart funnen rundt klokka eitt natt til søndag.

– Han hadde fått motorstopp nokon hundre meter frå land. Derfor tok han ut ankeret og la seg til å sova, seier redningsleiar Ben Wikøren til BT.

Familiemedlem melde frå til Kystradioen, som så sende dei ut ein etterlysing etter båten «Oskar», ein kvit båt av typen Delphia 30 fot.

Tre båtar frå redningsselskapet og ein frå Røde Kors deltok i søket etter fritidsbåten. Ein av dei var redningsskøyta «Uni», bemanna av Mongstad sjøredningskorps.

Fleire redningsskøyter var ute laurdag kveld. Her frå Alverstraumen rundt klokka 23.30. På same tidspunkt var det to redningsskøyter i området mellom Bergen og Sotra. Foto: MarineTraffic/skjermskot