OPPDATERING: Klokka 15.45 melde VTS at vegen igjen er opna for trafikk.

Rundt klokka 13.50 melde politiet om ei trafikkulykke ved Eikangervåg i Lindås kommune.

To til sjukehus

Alle nødetatane rykte umiddelbart ut til staden, kor det viste seg at fem bilar var involvert. To personar blei frakta i ambulanse til Haukeland sjukehus etter ulykka. Begge personane skal ha vore bevisst ifølge politiet.

Dei øvrige fem involverte blei kjørte til legevakt for sjekk.

Hendinga skal ha skjedd i bakken mellom Eikanger bru og Best-stasjonen. Det er 70-sone på staden.

Ulykka skjedde i siste svingen ned mot Eikanger bru om ein kjem køyrande frå Best-stasjonen. Foto: Erlend Kristiansen
Fleire bilar valde å snu i køen trass i at nye utrykkingskjøretøy til stadig kom til. Foto: Erlend Kristiansen

Lange køar

Fire av dei fem bilane hadde fått så omfattande skadar at dei måtte bli frakta vekk ved hjelp av bilbergar.

Til BA seier Ronald Drotningsvik ved 110-sentralen at to bilar skal ha kollidert front mot front før tre andre bilar kjørte inn i dei to førstnemnde.

Strilen sin journalist kunne fortelja at mange bilistar valde å snu i køen, til trass for mange utrykkingskjøretøy som heile tida kom til og frå.

Politiet gjorde åstadsundersøkingar og prata med vitne etter hendinga.

Rundt klokka 15.30 vart det opna for manuell dirigering, og kvarteret seinare vart det opna for ordinær trafikk igjen.

Lange køar oppstod fort. Fleire valde å snu, andre tok ein kaffipause på bensinstasjonen. Foto: Erlend Kristiansen
Mange bilar valde å snu, medan vogntoga begynte å samla seg opp på. Foto: Erlend Kristiansen
Nødetatane rykte ut i stort tal til Eikangervåg Foto: Erlend Kristiansen
Ulykka skjedde rett nedom Eikangervåg-skiltet. Foto: Erlend Kristiansen