Føneffekt gir knallsommar frå måndag

Påskeferien går mot slutten, men finvêret stoppar ikkje av den grunn. 2. påskedag slår høgtrykket inn og vil varma i fleire dagar.

Statsmeteorologen meiner det blir spennande å sjå kor mykje over 20 varme gradestokken kan vise.
  • Kristina Bøland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

– I morgon startar det med litt lettskya vêr, men så slår føneffekten inn over Vestlandet. Det blir sommerlege temperaturar på ettermiddagen måndag, fortel statsmeteorolog Siri Wiberg.

Ho fortel at temperaturane vil bikka 20 varmegrader fleire stadar på Vestlandet måndag.

– Det blir nesten litt spennande å sjå kor mykje over 20 grader det kjem til å bli, seier ho spent.

Les også

Draumepåske i skjergarden: – Sommaren kom som eit brak

Det strålande vêret vil fortsetja og nå ein topp på tysdagen.

– Det blir den varmaste dagen, slår Wiberg fast.

Så kjem nedbøret

Frå torsdag vil det derimot snu og det kan vera ein må finna fram paraplyen.

– Det blir altså nokre fine sommardagar i byrjinga av veka, men det ser ut til at det kanskje blir nedbør frå torsdag av.

Då vil òg temperaturane krype ned til rundt 15 grader.

Denne påska har gras- og lyngbrannfaren vore stor, og det har vorte meldt om fleire brannar i fylket. Eit hus i Masfjorden blei laurdag totalskadd i brann. Brannvesenet rykte også ut til grasbrann i Lindås og i Radøy denne påska.

Austrheim kommune innførte totalforbod mot spyling og vatning.

Søndag ligg farenivået for skogbrann på Vestlandet på gult nivå, altså moderat fare.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Hytte totalskadd: – Personen vakna av at hunden var uroleg

  2. Mannen er dømt for ruskøyring og køyring utan lappen. Onsdag gjentok regla seg

  3. Styrmann tiltalt for å ha sovna på vakt

  4. Spanande vitjing på oljeboringsplattform

  5. Sjå lista: Desse vil bli prest i Knarvik

  6. For første gang på mange år er dette tilbodet tilbake